Ordførar i Kviteseid, Torstein Tveito, er glad for at kommunen nå er med på å realisere planane til Vest-Telemark næringsbygg AS dette året.
Ordførar i Kviteseid, Torstein Tveito, er glad for at kommunen nå er med på å realisere planane til Vest-Telemark næringsbygg AS dette året.

Kommunen kjøper aksjar i næringsbygg

Dei folkevalte i Kviteseid vedtok torsdag å kjøpe aksjar for 3,5 millionar kroner i det nye næringsbygget som på sikt skal huse 55 arbeidsplassar.

Etter ein lang debatt i kommunestyret i Kviteseid torsdag blei vedtaket som i formannskapet: Aksjekjøp for 3,5 millionar kroner i Vest-Telemark næringsbygg AS, selskapet som skal restaurere «Findalenbygget» for Vest-Telemark næringshage AS.

– Vedtaket fører til at me vil sjå resultat i 2013 og at ein anleggsprosess kan kome i gang, uttala ordførar Torstein Tveito.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fryktar ikkje at næringsfondet blir tømt av ei slik satsing. Han meiner det også i framtida blir rom for tildelingar frå næringsfondet som tidlegare.

– Dette er ei gladsak, og den største næringssaka i vår generasjon. Det er unikt å få så mange arbeidsplassar til kommunen, og eg er sikker på at dette vil vere med og sikre folketalsutviklinga framover, uttala Halvor Nyland (H) om satsinga som skal resultere i eit bygg som skal romme 55 arbeidsplassar.

Alle ville støtte

Striden mellom dei politiske partia stod ikkje på om ein skulle stø prosjektet for å få på plass eit næringsbygg av historisk skala i bygda, men korleis kommunen skulle støtte satsinga.

Senterpartiet, Kristeleg folkeparti og Høgre var sikre på at eit kommunalt aksjekjøp ville vere det absolutt beste alternativet.

– Me har sjanse til å få tilbake dei 3,5 millionar kronene med eit aksjekjøp. Det har me ikkje med eit tilskot. Og stør me ikkje dette, blir det kanskje ikkje noko, uttala Trygve Straumsnes (Sp).

– Å gå inn med aksjekapital i ein fast eigedom tapar ein ikkje pengar på. Eg ser ikkje problemet, sa Morten Lundevall (H).

Fleire av representantane frå Arbeidarpartiet og Venstre argumenterte for at eit tilskot ville vere ei betre løysing enn å gå inn som eigar i bygget.

Arbeidarpartiet kom etter gruppemøte med nytt framlegg til vedtak om å gje utbyggjaren 3,5 millionar kroner i tilskot for at planane skulle bli realisert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ser det som fornuftig å gje pengane som tilskot. Då får dei dekt kapitalbehovet for å kome i gang, noko me meiner er viktig, meinte Johannes Skarprud (Ap).

Jon Ingebretsen (V) var skeptisk til den store millionbruken frå næringsfondet, og meinte at dette viste konturar som likna ein tidlegare økonomisk situasjon kommunen stod oppe i for nokre år tilbake.

Tilleggsline

Rådmann Hans Bakke stilte spørsmål om det var tenkt over om kommunen skulle setje ei grense for storleik på eigardelen i bygget. Då ingen responderte, kom han med sitt eige framlegg om at kommunens eigarskap ikkje skulle overstige 49 prosent.

Framlegget blei samrøystes vedteke.

Mange søkjer seg til næringshagen

Nokre av verksemdene som alt har etablert seg i næringshagen søkte saman med Vest-Telemark næringshage AS rett før jol og på nyåret etter dei rette personane til sju nye spennande stillingar under same næringshustak.

Interessa var enorm og då søknadsfristen gjekk ut 10. februar var tett på 175 søknadar kome inn til dei sju stillingane på huset som i dag rommar 14 ulike verksemder.