«Kommunen oppmodar folk til å handle lokalt – så gjer dei det ikkje sjølve»
Matbutikkar i Fyresdal har i fleire år levert varer til ulike tilbod kommunen har. Framover kjem i staden eit firma frå Larvik med varer to gonger i veka, etter at dei er bestilt på nettet.
Fyresdal kommune er med i eit interkommunalt innkjøpssamarbeid. For tre år sidan vann Norgesgruppen anbodsrunden om å levere matvarer mellom anna til den minste kommunen i Telemark. Det har Joker og Spar i Fyresdal nytt godt av fordi dei er med i Norgesgruppen. Nærbutikkane har levert varer til ungdomsklubben, skulen og barnehagen. Pleie- og omsorgssenteret med sitt storhushald har bestilt rett frå Asko. Kommunen har betalt til Norgesgruppen for varer som er henta i nærbutikkane.
Det har i år vore ny anbodsrunde, og den vann Måkestad engros i Larvik. Neste to åra er det dei som skal levere matvarer til ungdomsklubben, skulen, barnehagen og pleie- og omsorgssenteret i Fyresdal. Varene blir bestilt over nettet, og blir køyrd til bygda to gonger i veka.
Artikkelen held fram under annonsen.
I fylgje Måkestad engros har dei kundar i alle 18 kommunane i Telemark. Måkestad er ein av totalt 21 sjølvstendige grossistar som er med i landsdekkande Servicegrossistene AS. Kundar er mellom anna offentleg sektor og offshore.
– Blir heilt feil
Joker like ved Fyresdal sentrum leverer varer for rundt 250 000 kroner i året til kommunen. Slik blir det ikkje lenger. Nyleg blei butikksjef Mai Kile orientert om endringa.
– Handelen me har med kommunen betyr mykje for oss, og me køyrer matvarer gratis til dei, seier ho.
Kile synest ikkje det er greitt når kommunen ikkje skal bruke lokale butikkar framover.
– Kommunen oppmodar folk til å handle lokalt, så gjer dei det ikkje sjølve. Det er heilt hol i hovudet, og blir heilt feil. Det er veldig dumt at me ikkje skal levere matvarene lenger, men det ser ut som at det ikkje er noko å gjere noko med, seier Kile.
Skattepengar
Butikksjef Øyvind Aas på Spar trur ungdomsklubben og skulen får varer av han for rundt 200 000 kroner i året. No innser han at det er slutt på ein slik god leveranse til kommunekunden.
– Det er veldig synd at kommunen ikkje brukar lokale tilbod, og at ein slik stor kunde ikkje nyttar det lokale næringslivet. Eg trur ingen frå andre plassar kan slå den lokale servicen, og kommunen får skattepengar tilbake frå butikkbedriftene, minner Aas om.
– For å setje det på spissen kan arbeidsplassar stå i fare, avsluttar butikksjefen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Framleis ein del handling lokalt
Økonomisjef Kjersti Bergland i Fyresdal kommune seier ein er nøydd til å fylgje lova om offentlege innkjøp. BTV innkjøp i Drammen har hjelpt kommunen med anbodsrundar, som til dømes denne gongen då Måkestad engros blei ny leverandør.
– Er me ikkje innafor lovverket og nokon klagar, kan me risikere påpakning. Norgesgruppen må kome på banen att ved neste anbodsrunde, seier Bergland, om nærbutikkane skal få tilbake all leveransen dei har hatt.
Men noko handling blir det i bygdas butikkar.
– Det er lov å bruke hovudet. Til dømes møtemat på kommunehuset kan me handle lokalt. Me handlar av Måkestad det me må etter avtala, og så resten lokalt, til dømes brød. Så det blir framleis ein del handling på butikkane i bygda, seier økonomisjefen.
Hjelper mange
BTV innkjøp har fagansvaret for innkjøp i Telemark, Buskerud og Vestfold fylkeskommunar. I tillegg har eininga sekretærfunksjonen for eit innkjøpssamarbeid med alle kommunane i Buskerud, 12 kommunar i Telemark og Fylkesmannen i båe fylka.