Kommunestyra skal avgjere lokalisering
Oppdatert 15.02.18 klokka 13.15:Det er rift om å vere vertskommune for eit felles Nav-kontor i Vest-Telemark. Fire av kommunane har meldt interesse, i Vest-Telemarkrådet samla alle seks kommunane seg om Tokke.
Rådmannsutvalet i Vest-Telemark hadde i oppdrag frå Vest-Telemarkrådet å sjå på kvar eit felles kontor bør liggje. Utvalet kom ikkje fram til ein særskild kommune, men meinte at Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje alle kunne vere eigna. Utifrå eit parameter dei la til grunn var det Vinje som skåra best, få poeng føre Kviteseid, Tokke og Seljord.
Debatten i tysdagens møte i Vest-Telemarkrådet handla om det var semje for eit felles kontor i Vest-Telemark, og kvar dette kontoret skal liggje. Rådet blei i førre møte samde om å starte med lokaliseringsdebatten fyrst, slik at dei ikkje bruka unødvendig tid på å diskutere noko som mogleg ikkje blir noko av. Seljord har tidlegare blitt invitert til eit samarbeid med Nav i Bø/Sauherad og Nome, men politikarane der har sagt at dei helst vil vere ein del av eit felles kontor i Vest-Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Avviser ultimatum
– Eg vil presisere at Seljord aldri har sett ultimatum om at me skal ha dette kontoret, sa Seljord-ordførar Halfdan Haugan (Ap).
– Men me vil sjølvsagt vere med i konkurransen, sa han og la til at det byrja å haste med ei avgjerd.
– Dagens Nav-leiar i Seljord skal over i ny jobb i Midt-Telemark, og dei ventar også på svar frå oss, la han til.
Vinje ved ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) meinte det var naturleg å velje Vinje som vertskommune for Nav-kontoret sidan dei var den største kommunen.
– Me bidreg også mest i kroner og øre til dei interkommunale føretaka utan at nokon av dei er lokalisert i Vinje. I tillegg kom me best ut på skåren til rådmannsutvalet, sa han.
– Når det gjeld lokalisering blir det sagt at me i Kviteseid har mykje frå før. Det er eit argument eg skjønar, men så fungerer det godt hjå oss, og det bør vere eit argument for å leggje Nav-kontoret til oss, sa Kviteseid-ordførar Tarjei Gjelstad (Ap).
Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp) peika på at Tokke hadde flest tilsett i Nav i Vest-Telemark og at dei tidlegare hadde Arbeidskontoret for regionen.
Dermed var det klart at fire av ordførarane svært gjerne vil huse det felles kontoret.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har ikkje tru på at Nav-tenestene blir betre når dei kjem lenger unna brukarane. Eg er ikkje overtydd om at det er fornuftig med eitt felles kontor. Eg føler dette er nok ei omdreiing på tommeskruen – toler me meir av denne negative utviklinga for distrikta, undra Erik Skjervagen, Ap-ordførar i Fyresdal.
Han fekk støtte av Gjelstad som heller ikkje er glad for det som skjer.
– Det er streke krefter i sving, men eg trur me må ta kontroll sjølve så lenge me kan. Det kan fort bli verre om me ikkje tek grep. Eg meiner det er fornuftig å samarbeide om Nav. Nav-kontora i Vest-Telemark gjer ein kjempejobb, og dei har særs gode statistikkar, særleg innan sosialhjelp, sa han.
Homme skar igjennom
Lokaliseringsdebatten såg ut til å vere fullstendig fastlåst, og kanskje hadde stolleiken vore einaste løysing. Men til slutt skar Halvor Homme (Ap), ordførar i Nissedal gjennom og sa at han ynskjer eit felles kontor og at det bør liggje i Tokke.
– Fordi det truleg er den einaste kommunen me kan semjast om, og fordi Fyresdal tidlegare har sagt at det må bli Tokke dersom me skal ha eitt felles kontor, sa han.
– Me må anten bli samde om lokalisering eller så får me la saka liggje daud, sa han.
– Det mest fornuftige er nok å fylgje framlegget frå Homme, sjølv om det strir imot mine prinsipp med større einingar. Eg vil også seie det er interessant at Halfdan Haugan seiar at han ikkje har stilt ultimatum i saka. Er han feilsitert, undra Skjervagen.
– Eg har ikkje stilt ultimatum, men me vil vere med i konkurransen, gjentok Haugan.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Blir det Tokke så må eg halde meg til det, og ta det med meg til kommunestyret, la han til.
Det blei halde avrøysting om det i det heile tatt var fleirtal for eit felles kontor, og med unnatak av Fyresdal og Erik Skjervagen, stemde dei andre for.
«Alle» vil ha – Tokke fekk ja
Prøveavrøystinga om lokalisering gav fylgjande resultat: Seljord 1 røyst (Halfdan Haugan), Tokke 3 røyster (Jarand Felland, Halvor Homme og Erik Skjervagen), Vinje 1 røyst (Jon Rikard Kleven) og Kviteseid 1 røyst (Tarjei Gjelstad).
I den ordnære avrøystinga fekk Tokke alle seks røystene, og det blir dermed tilrådinga frå Vest-Telemarkrådet til dei seks kommunestyra.
Kommunestyra avgjer
Saka blir handsama i dei respektive kommunestyra i næraste framtid. Blir det ikkje semje om lokalisering der, kan det ende med at strukturen blir som i dag.
– Men då må me rekne med at det kjem sentrale føringar som gjer at me ikkje kan styre eller påverke prosessen i særleg grad, sa Gjelstad.
Det kan også ende med fleire rundar dersom ordførarane ikkje meiner at tilrådinga i Vest-Telemarkrådet forpliktar på noko vis, og såleis set store spørjeteikn kring regionrådets rolle. Det står att å sjå om prostidiakon Eilev Eriksteins råd om familieterapi blir ein realitet ...
Artikkelen held fram under annonsen.