Før ordføraren rakk å klubbe møtet for heva, greip tilhøyrar og hovudtillitsvald Monica Aas i Utdanningsforbundet inn. Ho likte ikkje at debatten i den opne saka om endring i administrativ struktur skjedde på eit eige møte som publikum ikkje visste om.
Før ordføraren rakk å klubbe møtet for heva, greip tilhøyrar og hovudtillitsvald Monica Aas i Utdanningsforbundet inn. Ho likte ikkje at debatten i den opne saka om endring i administrativ struktur skjedde på eit eige møte som publikum ikkje visste om.

Kommunestyresak avgjort på sideromet

Då Fyresdal kommunestyre skulle vurdere endring av den administrative strukturen, tok dei ein ny vri som overraska både publikum og presse.

Det var bra med publikum då Fyresdal kommunestyre hadde møte sist torsdag. Hovudårsaka til frammøtet var ei opa sak om ein skulle endre kommunalsjefnivået, eit spørsmål som blei lyfta fram etter at kommunalsjef for helse og omsorg har sagt opp stillinga si.

I starten av møtet sa ordførar Erik Skjervagen (Ap) at det var hyggeleg med så mange tilhøyrarar, noko ein ikkje var van med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir interessant. Me har viktige saker i dag, og eg reknar med at det er derfor det er tilskodarar, sa ordføraren.

Alle blei borte vekk

Etter 40 minuttar av møtet var det klart for den aktuelle saka, men då bad Sp straks om gruppemøte, og ordføraren svara at dei fekk 20 minuttar.

Det varte og rakk, men ingen Sp-politikarar var å sjå. Og etter kvart var det også reint for Ap-politikarar i kommunestyresalen. Etter heile 45 minuttar blei møtet klubba i gang at med desse orda frå ordføraren:

– Me har klart å kome fram til eit samrøystes kommunestyre. Eg skal lese opp det me har blitt einige om.

Semja gjekk mellom anna på at ynsket er å konstituere ein kommunalsjef snarast, og at ein brukar eit rekrutteringsbyrå for å få tilsett nokon fast i stillinga.

Etter at ordføraren var ferdig med opplesinga av det Sp og Ap hadde kome fram til i kafélokalet like ved kommunestyresalen, sa han dette:

– Det var vedtaket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så fylgde ei orientering frå rådmannen om mellombelse løysingar etter at kommunalsjefen har sagt opp. Etterpå greip ordføraren klubba og sa at ein tek opp framlegget til votering.

Veldig synd

Då den siste politiske saka var ferdig, sa ordføraren takk for møtet, men rakk ikkje å klubbe det for heva, før ein frå publikum greip inn.

– Vent litt, kan eg få spørje om ein ting, sa hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet, Monica Aas, som sat heilt bak i salen saman med fleire andre.

– Ja, men me må heve møtet fyrst, svara ordføraren.

Etter å ha gjort det kunne Aas fortsette:

– Det er veldig synd at ein debatt ikkje blir offentleg – at de vel å lukke ei sak.

– Me lukka ikkje, me hadde gruppemøte, svara Skjervagen.

– Det var ingen diskusjon her inne i saka, sa Aas.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, korrekt. Eg skjønnar den, svara ordføraren.

– Kunne ikkje det felles gruppemøtet vore her?

– Det kunne det kanskje. Du veit ikkje heilt på førehand korleis ei sak går, men slik det blei kunne det vore her, svara ordføraren.

Tek sjølvkritikk

Til VTB seier Aas at det var ingen i publikum som visste om at det hadde vore felles gruppemøte for Sp og Ap, før dei kom tilbake i kommunestyresalen.

– Alle me som sat der blei veldig slukøyra. Kvifor trur du at det var tilhøyrarar denne dagen? Alle politikarane gøymde seg i kafé Teisner – det er ikkje bra, seier Aas om ein debatt ho og andre aldri fekk sjansen til å høyre på.

– Dette var vel ikkje heilt etter boka, spør VTB ordføraren etter møteslutt.

Svaret kjem temmeleg fort:

– Nei, og det får me ta sjølvkritikk på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har brote kommunelova

Over telefon har VTB orientert seniorrådgjevar Stein Elseth hos Fylkesmannen om det som skjedde i Fyresdal kommunestyre.

– Om det er rett det du refererer er dette ein klar glipp. Debatten skulle ha føregått i kommunestyresalen. Det som blei gjort er ikkje rett i forhold til kommunelova. Dei har brote lova, og det høyrest det ut som at ordføraren er inneforstått med i ettertid, seier Elseth.

Han kan elles ikkje hugse å ha høyrd om at publikum har vore frampå i eit kommunestyremøte før det har blitt heva.

– Ordførar Skjervagen greip greitt inn og sa han måtte avslutte møtet fyrst. Personen var vel veldig engasjert og det førte til litt for raskt inngrep. Slikt kan sikkert skje, men alvorleg var det ikkje, seier Elseth.