Lokaliseringsutvalsmøtet med ordførarane, rådmennene, ein hovudtillitsvald og eitt hovudverneombod gjekk greitt unna på Tuftin fjellgard i Rauland. Truleg må Nissedal, Kviteseid og Fyresdal ha eit minilokaliseringsmøte for å bestemme kvar dei eventuelt felles kontora for landbruk, plan og økonomi skal liggje.
Lokaliseringsutvalsmøtet med ordførarane, rådmennene, ein hovudtillitsvald og eitt hovudverneombod gjekk greitt unna på Tuftin fjellgard i Rauland. Truleg må Nissedal, Kviteseid og Fyresdal ha eit minilokaliseringsmøte for å bestemme kvar dei eventuelt felles kontora for landbruk, plan og økonomi skal liggje.

Kommunetrio kan få tre felles kontor

Snart kan Nissedal, Kviteseid og Fyresdal ha samarbeid innan landbruk, plan og økonomi. Og kanskje kjem det eit miljø for kraftkompetanse i Åmot, der kraftkommunane i Telemark og Odda kommune er med i samarbeidet.

Det har ei tid vore sette nærare på meir interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark. Snart skal kommestyra i regionen ta stilling til forslag som har kome, og då ligg det mellom anna til grunn ei tilråding frå lokaliseringsutvalet som nyleg har hatt møte. Dette utvalet er sett saman av ordførarane og rådmennene, og ein hovudtillitsvald og eitt hovudverneombod som representerer alle dei seks kommunane. Utvalet skal mellom anna kome med forslag om kvar lokaliseringa av eventuelle nye samanslåingar skal vere.

Konsulentar har tidlegare i år kome med sine syn på fem utvalde samarbeidsområde: IKT (informasjons- og kommunikasjonsteknologi), økonomi (løn, skatt og rekneskap), landbruk (utmark, jord, skog og miljø), næring og reiseliv og kompetansebygging på kraftsaker. Innan landbruk er forslaget å ha felles kontorløysing, men det har dei tilsette i kommunane sagt nei til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ynskjer samarbeid

Men det kan vere at det interkommunale samarbeidet Nissedal og Kviteseid har hatt på landbruk (i Kviteseid) ei tid, nå blir utvida med Fyresdal. Dei to fyrstnemnde samarbeider også om å ha plankontor (i Nissedal), og også der vurderer naboen i vest å hengje seg på. Vidare skal kommunetrioen vurdere å etablere eit utvida samarbeid på områda innan økonomi.

– Det blir eit mini-lokaliseringsutval for Nissedal, Kviteseid og Fyresdal, sa Nissedal-ordførar Halvor Homme då lokaliseringsutvalet for alle kommunane i Vest-Telemark hadde møte.

Forprosjekt

Noko anna interessant som nå har kome fram er tankar om å etablere kompetanse på kraftsaker. Ein skal nå sjå på eit eventuelt samarbeid mellom dei seks kommunane i Vest-Telemark pluss Tinn og Hjartdal saman med Telemark fylkeskommune. Vidare har Vinje tatt initiativ for å få med Odda i eit samarbeid om kraftkompetanse, og truleg blir eit slikt kompetansemiljø lagt til Åmot. I Aust-Agder er det eit liknande samarbeid, med lokalisering i Valle, der det er fem–seks tilsette i miljøet.

På møtet i lokaliseringsutvalet kom det klart fram frå kommunetilsette at også dei ynskjer eit sterkt miljø på kraftkompetanse, fordi dette har stor påverknad på kommuneøkonomien og dermed arbeidsforholda for tilsette.

Tokkerådmann John Kleiv er peika ut som ansvarleg for å gjennomføre eit forprosjekt om felles kraftkompetanse og drive prosessen vidare.

Samarbeid om IKT-drift

Anna å leggje merke til av endringar er at Vinje, Tokke og Kviteseid ei tid har sett på eit samarbeid innan IKT-drift, og dei skal etablere eit selskap som lokaliseringsutvalet meiner bør liggje i Tokke.

Ei samlokalisering av næringssjefane er det ikkje stemning for i nokon av dei seks kommunane, men at det heller blir eit meir formalisert samarbeid. Lokaliseringsutvalet ser elles føre seg at det kan bli ei forenkling der ein kan slå saman Vest-Telemark næringsutvikling og Vest-Telemark næringsbygg, og bed om at dette blir vurdert.

Vidare plan er at kommunestyra i Vest-Telemark gjer sine vedtak om eventuelt meir samarbeid innan utgangen av oktober. Vedtekne samarbeid startar 1. januar 2018.