Døtrene Asgjerd (tv) og Sigrid var glade for å kunne dele høgtidsstunda i Norsk Skieventyr  med pappa Eivind. I bakgrunnen Kviteseid-ordførar Torstein Tveito.
Døtrene Asgjerd (tv) og Sigrid var glade for å kunne dele høgtidsstunda i Norsk Skieventyr med pappa Eivind. I bakgrunnen Kviteseid-ordførar Torstein Tveito.

Kongeleg heider til Eivind Strondi

Morgedal er ikkje ei bygd som andre bygder, og det kan ein tilskrive folk som mellom andre Eivind Strondi. Ein mann med høge ideal og ein draum om å få til noko, og som har greidd å realisere desse draumane – til beste for bygda og dei som bur der.

Ordførar Torstein Tveito var ute i kongeleg ærend då han kom til Norsk Skieventyr i Morgedal laurdag ettermiddag. Med seg hadde han Kongens fortenstmedalje i sylv til ein kulturberar av rang. Overrekkinga kom uventa på Eivind Strondi som meinte på at ein ikkje burde «lure gamle folk» på den måten!

Ettersom 85-årsdagen den 8. januar blei feira førre helg, var det ved dette høvet duka for berre eit lite utval nære vener og medarbeidarar – med forslagsstillaren Bjørn Solbakken, journalist og gardbrukar frå Skien, som vert. Han drog fram Eivinds store innsats på svært ulike felt – frå husflid og skihopp til kulturvern og skogbruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arven etter Sondre

I brevet til Kongen peika Solbakken særleg på Eivind Strondis arbeid for å halde arven etter Sondre Norheim intakt. Både gjennom formidling av denne spesielle delen av Morgedals kulturarv og gjennom fysisk å halde stigen opp til Øverbø og husa der i stand.

– Kor mange tusen Eivind har fylgt opp dit frå tunet på Bjåland og fortald om Sondre og Morgedals skitradisjonar, veit vel ingen, men det er ein unik innsats. I meir enn 50 år har han teke på seg ansvaret med å verne om Sondres fødestad, sa Solbakken som også tok fram Eivinds innsats i skibakken – som utøvar, trenar og internasjonal hoppdommar.

Husflid og handverk

Heller ikkje handverkaren og husflidsforkjemparen blei gløymt. Først veveriet som kom i stand i Morgedal i etterkrigsåra og ei tid gav 15 arbeidsplassar – seinare 25 år med husflidsavdelinga ved Dyrsku’n i Seljord, der han la grunnlaget for ei utstilling som i dag er landets fremste i sitt slag.

Eivind Strondi har hatt ei rekkje tillitsverv – i skogeigarlaga, innan idretten og på det kommunale planet som medlem av kulturstyre og skulestyre, og innsatsen hans er blitt verdsett på mange hald. Av idrettsorganisasjonane og av husflidsorganisasjonar, men aller høgast ragar truleg Telemark fylkes kulturpris som han fekk alt i 1980.

– Og Eivind er framleis aktiv. Han seier fortsatt ja til alt som kan tene bygdesamfunnet og hans kjære Morgedal, avslutta Solbakken.