Konkurrerte på skjotebanen
For ei veke sidan var kulturdepartementet på anleggssynfaring i Vest-Telemark. Tysdag fekk dei prøve å treffe blink på Strauman.
Idrettsavdelinga i kulturdepartementet reiser årleg ut på anleggssynfaringar på
forskjellige stader rundt i landet. Tanken er å møte dei som eig og driv dei forskjellige idrettsanlegga. Dei ynskjer også å få tilbakemeldingar på korleis spelemiddeltilskots-ordninga fungerer lokalt, og korleis søkjarar opplever søknadsprosessen.
Artikkelen held fram under annonsen.
I år var Telemark eit av stoppa på reisa, og det var rådgjevar i kulturdepartementet Daniel Storholte Kristiansen, Sondre Fjelldalen frå Telemark idrettskrets, Tone Elisabeth Berge Hansen, Bjørn Rudborg og Veslemøy Wåle frå hovudutvalet for kultur, idrett og folkehelse og Therese Surdal Lahus frå Telemark fylkeskommune som møtte Tor Ivar Berge, nestleiar i Kviteseid JFF, Steinar Smeland, leiar i Kviteseid skyttarlag, Magne Skarprud, konsulent for utmark, vilt og miljø i Kviteseid kommune, rådmann Øystein Tveit og ordførar Tarjei Gjelstad (Ap) på skjoteanlegget på Strauman. Både leirduebanen og Straumanbanen stod på besøkslista i Kviteseid.
50/50 menn og kvinner
Omvisinga starta på leirduebanen, der Tor Ivar Berge viste kva som har blitt gjort der dei siste åra. Anlegget har blitt ein fullverdig leirduebane, med kasteutstyr på alle kantar, noko som gjer «leirduejakta» meir realistisk med tanke på ekte fuglejakt.
– Kor mykje fekk denne banen i spelemidlar, spør Daniel Storholte Kristiansen.
– 270 000 kroner, svarar Berge.
– Berre kasteutstyret kostar 150 000 kroner.
Han viser også fram dommarstolen dei har fått.
– Nokon klaga på at dei fraus så der dei sat. Ikkje lenge etter kom det nokon med ein sjåførstol frå ein Scania, slik at dommaren ikkje skulle fryse meir, seier Berge til latter frå dei andre.
Både Kviteseid JFF og Kviteseid skyttarlag har godt med medlemar, og Berge fortel at ein gong i veka så trenar alt frå fem til tretti personar på leirduebanen. Men det er håp om endå fleire i framtida.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er sterke føringar for at lova skal bli slik at alle som skal på jakt må ha prøveskot fyrst. Så me gjorde litt ekstra ut av anlegget for å ha plass til mange, forklarer Berge.
– Kor mange kvinner brukar banen her, spør Bjørn Rudborg.
– Om lag halvparten av dei som er med er kvinner, seier Berge, til ein tydeleg imponert Rudborg.
Skjulte talent
Borte på Straumanbanen får dei som vil prøve seg på å skjote på blink. Dei får fyrst ei grundig tryggleiksinnføring av Smeland, før dei éin etter éin legg seg til rette med riflene på skyttarplassane.
Kristiansen frå kulturdepartementet er fyrst ut. Det er fyrste gong han prøvar, og imponerer dei andre stort.
Det viser seg at fleire i følgjet har eit skjult talent for å treffe blink, då alle skyt samla og gode seriar.
– Dette var så moro at eg kan godt forstå kvifor folk driv med det. Ein konsentrerer seg så om berre det ein skal gjera. Det er kanskje litt som meditasjon for nokon, seier Tone Elisabeth Berge Hansen.