Politimeister Christine Fossen.
Politimeister Christine Fossen.

Kontor både i Seljord og Kviteseid

Politimeister Christine Fossen føreslår å ha lensmannskontor i både Seljord og Kviteseid, men med felles leiing.

– Ut frå høyringsinnspel og eigne vurderingar med omsyn til geografi, lengde på husleigekontrakt og kor godt lokala er eigna har me funne det fornuftig å oppretthalde båe lokasjonar, men lensmannskontora skal ha felles leiing, melder politimeister Christine Fossen i ei pressemelding.

– Me må forhalde oss til dei økonomiske rammene som kontraktar og leigeforhold. I Seljord blei dette svært synleg med ein lang kontrakt det ikkje er lett å kome seg ut av, seier Fossen til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare denne veka blei det kjent at politimeisteren også ville oppretthalde kontoret i Nissedal. Det gjorde at geografiargumentet ikkje blei utslagsgjevande.

Fossen er klar på at ho frå ein politifagleg ståstad helst hadde sett færre kontor – og fleire politifolk ute – men at ho naturleg nok må forhalde seg til Stortinget. Fossen legg til at dei i denne prosessen har vore opptatt av at det skal vera ei reell høyring, og at dei har lytta og lest til dei mange innspela som har kome.

Då saka blei sendt til høyring i haust var framlegget å leggje ned fire lensmannskontor i Vest-Telemark, og samle kontora i Fyresdal, Tokke og Vinje – i Vinje, og kontora i Nissedal, Seljord og Kviteseid – i Kviteseid.

Tilrådinga frå politimeisteren blir no sendt til Politidirektoratet som tek den endelege avgjerda i midten av januar.