Kraftig kritikk til rådmannen
Nissedal kommune har tapt opp mot ein million kroner på dårlege rutinar for eigenbetaling på omsorgssenteret. Sp, H og Frp meiner rådmannen burde ha reagert for lenge sidan på kritikkverdige forhold.
I årevis har det vore svikt i rutinane for å få inn rett betaling for opphald ved Nissedal omsorgssenter. Brukarane har betalt for lite.
– Det har ført til at kommunen har tapt om lag 630 000 kroner i inntekter frå 2013 til 2016. Det er heilt sikkert at kommunen har tapt pengar åra før også, men eg veit ikkje kor mange år det gjeld, seier rådmann Sverre Sæter til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nyleg blei saka avslutta i kommunestyret. Fleirtalet – dei ti representantane frå Ap og KrF – stilte seg bak ordlyden: «Kommunestyret meiner at dette er ei svært alvorleg sak som det har vore svært viktig å få klara opp i. Samstundes er kommunestyret nøgd med at det er utarbeida kvalitetssikrande rutinar på fagområdet».
Opposisjonspartia Sp, H og Frp retta sterk kritikk mot rådmannen i sitt framlegg til vedtak.
«Kommunestyret meiner at dette er ei svært alvorleg sak. Kommunestyret meiner rådmannen burde ha rydda opp i saka på eit mykje tidlegare tidspunkt».
Inge Magnus Evja (Sp) er leiar i kontrollutvalet der saka har blitt behandla.
– I kontrollutvalet vedkjente administrasjonen/rådmannen at dei over lengre tid hadde mistanke om svikt i rutinane for justering av eigenbetalinga. Over fleire år – utan at noko blei gjort. Det mest bekymringsfulle er eit stort leiingsproblem. Leiinga har ikkje tatt tak som dei burde gjort og hadde grunn til, sa Evja i kommunestyredebatten.
– Det er nok på det reine at rådmannen må tole kritikk i denne saka, heldt han fram.
– Eg håpar alle er einige med Evja i at dette ikkje er ei personalsak, men eit leiingsproblem. Punktum, sa ordførar Halvor Homme, før røystinga som viste at opposisjonen ikkje fekk fleirtal.
Revisor fekk ikkje svar
Kommunestyret skulle eigentleg ha avslutta denne saka i mars i år, men ho blei trekt i møtet. Det viste seg at ein klagar hadde fått medhald av Fylkesmannen om at kommunen ikkje kunne krevje etteroppgjer for 2015 på den måten som blei gjort. I eit etteroppgjer hadde kommunen ikkje lov til å ha med inntekter som ikkje var med i tidlegare krav.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunen måtte gå gjennom etteroppgjera på ny. Då blei dei opphavlege krava samla for 2015 justert ned frå 653 000 kroner til 374 890 kroner.
I 2015 avdekka kommunerevisjonen alvorlege feil og manglar i samband med vederlagsbetalinga på omsorgssenteret. Revisjonen vendte seg ved fleire høve til administrasjonen med konkrete spørsmål om årsrekneskapen for 2015, men fekk ikkje svar. Saka blei så meldt inn til kontrollutvalet, som bad rådmannen og orientere om rutinane for eigenbetalinga ved institusjonen.
Nummerert brev
I kommunestyremøtet slo Evja fast at svikten i rutinane var ei svært alvorleg sak.
– Dette er fyrste gongen Nissedal kommune har fått nummerert brev frå revisor. Nummerert brev er det sterkaste verkemiddelet ein revisor har, og som blir bruka når han finn kritikkverdig forhold, sa Evja, og la til at det var revisor som på eige initiativ hadde kome med den skarpe reaksjonen.
Evja sa saka om mangel på rutinar for eigenbetaling går tilbake til 2010, og kanskje endå lengre.
– Kommunen har gått glipp av store beløp, slo han fast.
Meir kritisk endringsforslag
Så nemnte Evja at det tilsynelatande var bra at rådmannen hadde rydda opp i saka. Det blei gjort vedtak om etterbetaling for 2015 og 2016.
– Alt då låg det føre ei klage på eitt av vedtaka. Rådmannen var klar på at denne enkeltsaka var unik, så ein kunne ikkje legge vekt på den. Så blei det lagt fram ei sak for kommunestyret i vår, men ho blei utsett etter drøftingar i formannskapet same dagen. Formannskapet var bekymra for klagesaka dei hadde fått kunnskap om, og ynskte at rådmannen skulle ta ny gjennomgang. Statusen etterpå var at ei rekkje vedtak blei omgjort etter at ein hadde fått på plass dei kvalitetssikrande rutinane som hadde blitt presentert i kontrollutvalet. Det er på bakgrunn av det at opposisjonen vil fremje eit meir kritisk endringsforslag enn tilrådinga til rådmannen, uttala Evja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange etteroppgjer blei rekna på ny
Svikt i rutinane for opphaldsbetaling gjorde at Nissedal kommune tapte 100 000 kroner i inntekter i 2013 og ein kvart million året etter. Det blir ikkje sendt krav om etterbetaling for desse to åra.
Summen i krava om etteroppgjer for 2015 blei fyrst rekna til totalt 653 000 kroner. Kommunen måtte redusere summen med 278 110 kroner etter at ein klagar fekk medhald hos Fylkesmannen på kravet om etteroppgjer. Fylkesmannen påpeika manglande varsling, og at krav i samband med etteroppgjer berre unntaksvis kan gjerast med basis i inntekter kommunen burde ha visst om i utgangspunktet. Unnataket er om det er varsla at slike inntekter fyrst vil bli tatt omsyn til i etteroppgjeret. Slik varsling blei ikkje gjort i nokon av sakene der Nissedal kommune kom med krav om etteroppgjer.
For 2015 blei 17 etteroppgjer rekna på ny, og i 15 tilfelle blei kravet justert ned. For 2016 blei det rekna 24 etteroppgjer, og i 18 tilfelle var det skuldige beløpet på til saman 171 569 kroner.