Rådmann Sverre Sæter (t.v.), ordførar Halvor Homme og økonomisjef Jarle Bruun Olsen møtte ein fullsett sal med hytteeigarar og nissedølar på dialogmøtet om eigedomsskatt.
Rådmann Sverre Sæter (t.v.), ordførar Halvor Homme og økonomisjef Jarle Bruun Olsen møtte ein fullsett sal med hytteeigarar og nissedølar på dialogmøtet om eigedomsskatt.

Kraftige protestar mot «hytteskatten»

Fredag inviterte Nissedal kommune hytteeigarar inn til dialogmøte om innføring av ein skatt dei er negative til.

Lensmannen i Vinje fekk melding om ulovleg køyring på grasmatta på Edland stadion natt til fredag. Det var djupe spor i banen. Politiet ber om tips dersom nokon har opplysningar om personar eller køyretøy som står bak skadeverket på fotballbanen til IL Rein.

Køyringa er meldt til politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trass mangfoldige varmegrader og steikande solskin ute møtte hyttefolket mannsterke opp på fleirbrukshuset, og alt utanfor lokalet var eigedomsskatten eitt heitt samtaleemne. Salen var fullsett då ordførar Halvor Homme ynskte velkomen.

Ikkje diskusjon om vedtaket

Innleiingsvis informerte ordføraren om at møtet ikkje var meint som ein diskusjon om ein skal innføre utvida eigedomsskatt. Det vedtaket blei gjort i desember. På møtet ynskte kommunen innspel på kva for kriterie ein burde leggje til grunn for skattlegginga.

Fleire representantar frå forskjellige hyttelag gav likevel sterkt utrykk for at eigedomsskatten ikkje burde innførast.

– Dette er det fyrste høvet me har fått til å koma med innspel i denne prosessen. Det har ein pris å innføre eigedomsskatt for hyttene. Det har skapt støy hos Har de tenkt over omdømmetapet? I realiteten er dette ein hytteskatt, sa hytteeigar Sveinung Wiig Andersen.

I Nissedal er det over 2 000 hytter, medan det er 700 registrerte bustadar. Dermed kjem truleg kring 75 prosent av inntektene frå eigedomsskatten til å koma frå hytteeigarane.

Ikkje soner og fritak

I samband med eigedomsskatten er det fleire måtar å rekne ut denne på. Kommunen kan gå inn for botnfrådrag og låg promillesats.

– Me kjem nok til å hamne heilt nedst på kring 2 promille som sats, sa kommunalsjef Jarle Bruun Olsen. Men desse satsane kan justerast kvart år, og fleire i salen uttrykte bekymring for at satsane kunne bli bruka som ei justering kvar gong kommunen fekk dårleg økonomi.

– Me ynskjer kontinuitet i satsane og så få som mogleg variablar i utrekninga. Me er vel ganske sikre på at ein kjem opp til 7 promille etterkvart, sa Finn Jensen, hytteeigar på Gautefallheia og varamedlem i Noregs hytteforbund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hyttelaga har i eit eige brev peika ut punkt som dei meiner bør takast omsyn til ved innføring av eigedomsskatten. Dei ber om at politikarane snur steinane får å sjå om ein kan redusere kommunen sine utgifter og slik sett redusere behovet for eigedomsskatt.

Særleg to område var viktige for hytteeigarane. Det var stor motstand mot å inndele i forskjellige soner for skattlegging. Likeeins er det negativt om nye hytter får fritak frå skatten i ti år. Dette fordi det ville kunne presse ned prisane på eldre hytter.

Fleire i salen gav også uttrykk for at hytteeigarar må kunne forvente seg meir frå kommunen når eigedomsskatten trer i kraft, som til dømes større tilskot til løypelag.

Mest redd for næringslivet

Næringslivet i Nissedal vil også bli pålagt eigedomsskatt, og der er det strengar reglar for kor mykje dei må betale. Mellom anna er minstesatsen på skattlegginga sett til 7 promille og det er ikkje høve til botnfrådrag.

Eg er reelt bekymra ovanfor næringslivet, sa Homme.

Situasjonen blir heller ikkje betre av at fleire hytteeigarar har oppfordra til boikott av næringslivet i Nissedal. Ved å halde næringslivet for gissel vil dei tvinge fram ein retrett frå kommunen i eigedomsskatt-spørsmålet.

Onsdag vil kommunen halde dialogmøte med næringslivet om eigedomsskatten.