Faksimile VTB, 21. juli 2017.
Faksimile VTB, 21. juli 2017.

Krev erstatning etter at kommunen avlyste anbodskonkurranse

Matvarehuset AS har klaga både på at anbodskonkurransen om å levere mat til eldre i Seljord blei avlyst, og for det dei meiner er ulovleg direkte anskaffing.

Konstituert rådmann i Seljord, Kari Gro Espeland, orienterte kommunestyret torsdag om at saka om matlevering til eldre i Seljord kommune nå har hamna hos Kofa (Klagenemnda for offentlege anskaffingar).

VTB skreiv i juli i år at Matvarehuset AS i Bergen vann anbodskonkurransen om å få levere mat til institusjonane i Seljord kommune. Formannskapet avlyste så heile anbodskonkurransen for å kunne drive tenesta i eigen regi. Inntil ei løysing er klar ville dei halde fram dagens avtale med Dyrsku'n arrangement. Dette klaga Matvarehuset AS, via NHO-advokat Henrik Bjørge, på. Rådmannen i Seljord rådde politikarane til å ta klaga til fylgje – og peika på at dette ikkje ville vera i strid med intensjonen i formannskapsvedtaket om å ta seg av leveringa sjølve i framtida. Men i møtet i juni avslo eit samrøystes kommunestyre i Seljord klaga. Politikarane avviste også i vedtaket at det er inngått avtale med andre på grunnlag av anbodskonkurransen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ei todelt klage. Den eine gjeld avlysing av konkurransen der Matvarehuset AS krev Seljord kommune om erstatning for dei utgiftene dei har hatt, og for det inntektstapet dei meiner å ha som fylgje av at dei ikkje i realiteten blei tildelt kontrakten. Innanfor det område har Kofa mynde til å vurdere om kriteriet til å krevje erstatning er til stades, men det er ikkje Kofa som fastset storleik for erstatning.

Det andre dei har klaga kommunen inn for er ulovleg direkte anskaffing. Der er det Kofa som har mynde til å vurdere og fastsette gebyr, orienterte rådmannen.

Ho kunne opplyse at Seljord kommune har kome med tilsvar på klaga via KS-advokat.

Sakshandsamingstida på kan ta opp mot 9 månadar.

 

Kofa

- Offentleg norsk klageorgan for brot på regelverk for offentlege anskaffingar.

- Handsamar klager frå leverandørar eller andre med sakleg klageinteresse.

- Kjem med rådgjevande uttaler om den offentlege oppdragsgjevaren har brote regelverket eller ikkje.

- Kan gje gebyr for ulovlege direkte anskaffingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjelde: Kofa.no