Krev kulefangarvoll fjerna
Kven er det eigentleg som har ansvaret for å fjerne kulefangarvollen på den nedlagte skytebanen i Åmot? Og er han eit forureiningsproblem?
Skytebanen i Brubakk i Åmot er ikkje lenger i bruk, og aktiviteten er lagt til eit anlegg i Bøgrend. Grunneigaren der det no ligg att kulefangarvoll ved Brubakk, har sendt eit brev til Ytre Vinje skyttarlag der han bed om at det blir rydda opp.
– Eg krev at kulefangarvollane blir fjerna, inklusiv eventuelle miljøgifter i grunn, fyrar grunneigar Stig Ronny Tveiten av.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kravet kjem etter at han har lese ein artikkel frå Sandane i Sogn og Fjordane. Der hadde det blitt påvist store mengder tungmetall i jordsmonnet under og i kulefangarvoll.
– Eg som grunneigar ynskjer ikkje å overta denne kostnaden og forureiningsproblematikken, og krev derfor at forureina masse blir fjerna før leigekontrakten blir avslutta. Vonar på tilbakemelding på dette, og korleis skyttarlaget tenkjer seg denne prosessen, avsluttar Tveiten det som ser ut til å ha kome som ein overraskande smell for skyttarlaget.
– Oss uvedkomande
For etter at Ytre Vinje skyttarlaget hadde hatt styremøte, sende styreleiar Olav Nordstoga brev til Vinje kommune for å få fram kva dei har ladd med i saka.
– Når det gjeld det som er i Brubakk-området, ser skyttarlaget på dette som oss uvedkomande no. Det som eventuelt skal gjerast der, må Vinje kommune ta seg av. Om me hadde kunne halde fram med aktiviteten i Brubakk, hadde ingen part hatt problem med det som ligg der, er meldinga frå styreleiaren.
Vinjerådmann Jan Myrekrok tenkjer kanskje at her er det lauskrut ute og går og at skyttarlaget har blitt av med ein «blåfis».
– Eg skjønar ikkje heilt logikken med at skyttarlaget skuvar saka over på kommunen. Eg kan ikkje umiddelbart sjå at dette er noko kommunen har ansvaret for, men at det er ei sak mellom grunneigaren og skyttarlaget, seier Myrekrok til VTB.
Sjekke
Men heilt avvisande er rådmannen ikkje. Han har snakka med teknisk sjef om saka. Tanken vidare er å sjekke kva som ligg i kulefanget og om det er grunn til uro.
– Så får me sjå. Dette er inga stor sak, seier Myrekrok.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg fyrar han av denne informasjonen om det nedlagte skytebaneområdet kloss ved elva.
– Ein gjer målingar av vasskvaliteten nedstraums, og det er ingen indikasjonar på avrenning.
Torsdag skal Vinje kommunestyre ta stilling til eit framlegg frå rådmannen om at skytebanen i Brubakk blir avvikla med verknad frå 11. september 2014. Det står ikkje noko i saka om kulefanget og eventuell opprydding.