Stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen går i bresjen for å tvinge regjeringa til å ta ei avgjerd kring snøskuterkøyring i utmark.
Stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen går i bresjen for å tvinge regjeringa til å ta ei avgjerd kring snøskuterkøyring i utmark.

Krev lokal styring med snøskuterkøyringa

Stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen (H) frå Telemark krev at regjeringa i løpet av våren legg fram ei evaluering av kommunalt sjølvstyre av snøskuterpolitikken, og at ordninga vert norsk lov.

Høgre har no fremma eit såkalla «Dokument 8-forslag», som er eit privat lovframlegg, på Stortinget. Torbjørn Røe Isaksen fortel at dei har to framlegg:

* Stortinget ber regjeringa i løpet av vårsesjonen 2011 å leggje fram for Stortinget ei evaluering av forsøksprosjektet med utvida kommunalt sjølvstyre i åtte utvalde kommunar i perioden 2000–2005.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Stortinget ber regjeringa fremme framlegg om endringar i lov om motorferdsel i utmark slik at kommunane får auka mynde – innanfor nasjonale retningsliner – og at røynslene frå forsøksprosjektet med auka lokalt sjølvstyre vert lagt til grunn.

– Regjeringa har fleire gonger lova Stortinget å kome med framlegg til endringar i lova om motorferdsel i utmark. Eg håper difor at fleire parti, til dømes Senterpartiet, kan tenkje seg å støtte Høgres framlegg, seier Torbjørn Røe Isaksen.

Omsyn til naturen

Han fortel at Høgre ynskjer større fridom for den einskilde kommune når det gjeld regelverket for motorisert ferdsel. Samtidig vil dei sikre omsynet til natur og miljø gjennom nasjonale retningsliner.

Røe Isaksen peiker på at også rørslehemma må få ta del i naturopplevingar sjølv om dei er avhengige av motorisert ferdsel for å oppnå det. Difor tek han til orde for enkle og ubyråkratiske ordningar. Snøskuterkøyring på snø og is medfører ikkje varige skadar på naturen utover støyplaga.

– Barmarkskøyring i utmark med 4-hjuls køyretøy i sommarhalvåret kan føre til vesentleg skade i kjenslevare naturområde. Difor meiner me det her må vere eit restriktivt regelverk for barmarkskøyring utanom faste trasear, seier han.

Evalueringsrapportane

Etter at forsøket med lokalt sjølvstyre over snøskutarpolitikken, der Vinje kommune er med, vart avslutta i 2005 har Norsk institutt for naturforsking (NINA) på oppdrag frå Miljøverndepartementet, lagt fram fleire evalueringsrapportar. Torbjørn Røe Isaksen reagerer på at rapportane aldri har vore lagt fram for Stortinget.

– NINA skriv at evalueringa viste at alle dei seks delmåla for betre motorferdsel i utmark vart heilt eller delvis innfridde i forsøkskommunane. Folk i kommunar utan snøskuterløyper var meir plaga av støy enn innbyggjarane som deltok i forsøksordninga med etablerte turistløyper og rekreasjonsløyper, nemner Torbjørn Røe Isaksen.