Kvart år blir det skrive ut om lag 2000 pass ved det einaste lensmannskontoret i Vest-Telemark som har slikt tilbod. Vest-Telemarkrådet går ikkje med på at tenesta forsvinn ut av regionen. (Illustrasjonsfoto)
Kvart år blir det skrive ut om lag 2000 pass ved det einaste lensmannskontoret i Vest-Telemark som har slikt tilbod. Vest-Telemarkrådet går ikkje med på at tenesta forsvinn ut av regionen. (Illustrasjonsfoto)

Krev passfunksjon i Vest-Telemark

Vest-Telemarkrådet går ikkje med på at moglegheita for å få pass blir flytta ut av regionen.

På sist møte i Vest-Telemarkrådet (VTR) oppmoda Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) at ein samla må jobbe for å behalde passfunksjonen i regionen. I dag er det slikt tilbod ved Seljord lensmannskontor.

I samband med politireforma er forslaget at bare Notodden og Skien i fylket får behalde passkontoret. Med ei slik løysing vil det bli langt å reise for mange for å få pass. Kleven påpeika at frå Åmot og andre stader endå lenger vekk blir det snakk om eit dagsprosjekt. Og når barn skal ha pass må mor eller far ta seg fri frå arbeid og barna må ut av skulen éin dag. Det er kostbart både for familien og samfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Argumentasjonen for å flytte passfunksjonen til få plassar er i hovudsak knytt til kompetansen ein bør ha for å jobbe med pass. Kleven tenkte seg at politiet må vurdere heller å flytte ut kompetansen éin til to dagar i veka, med faste passtider til dømes i Vinje eller Seljord.

Noko som ikkje rimar

Seljord-ordførar Halfdan Haugan (Ap) opplyste rådet at ved det lokale lensmannskontoret blir det skrive ut om lag 2000 pass i året.

– Viss ein tenkjer at dette er ei viktig publikumsteneste og skal etablere nærpolitireforma, så fjernar ein den type teneste langt vekk frå oss … Det er noko som ikkje rimar. Og samfunnsøkonomisk er det ikkje gunstig å måtte reise langt vekk, sa Haugan.

Regionordførar Erik Skjervagen (Ap) frå Fyresdal fylgde opp:

– Dette er det som blir gjort i dei andre reformene også, dei fjernar tenesta der brukarane er. Dette er eit system i heile opplegget til regjeringa, og som sjølvsagt svekkjar tenestetilbodet til småkommunane. At stakkaren må reise i timesvis er det ingen som har rekna på, sa regionordføraren.

VTR vedtok samrøystes ei uttale med krav om at det framleis blir skrive ut pass i Vest-Telemark.