Regionordførar Olav Urbø fryktar at døra til Tokke lensmannskontor kan verte stengd over tid gjennom ei skjult strukturrasjonalisering. At berre nokre få lensmannskontor i framtida kan ordne med pass vert ikkje akseptert i Vest-Telemark.
Regionordførar Olav Urbø fryktar at døra til Tokke lensmannskontor kan verte stengd over tid gjennom ei skjult strukturrasjonalisering. At berre nokre få lensmannskontor i framtida kan ordne med pass vert ikkje akseptert i Vest-Telemark.

Krev passtilbod på alle lensmannskontor

I Vest-Telemark vert det berre lensmannskontora i Vinje og Seljord som får dei nye passautomatane. Dei andre lensmannskontora vil ikkje då lenger kunne hjelpe folk med pass. Regionordførar Olav Urbø (Sp) reagerer skarpt på korleis Telemark politidistrikt agerer.

Vest-Telemarkrådet (VTR) sendte i går eit brev til Politidirektoratet med kopi til Justisdepartementet og politimeisteren i Telemark der ein krev at dei nye passautomatane vert plasserte ut på alle lensmannskontora. Ny tryggleiksteknikk for å gjere forfalskingar vanskelegare krev at alle som skal ha nytt pass må nytte desse automatane. Dagens system med innlevering av bilete, og som kan gjerast på alle lensmannskontora, vert ikkje lenger mogleg.

– Det er fullstendig uakseptabelt at ikkje passtenesta skal vere tilgjengeleg ved alle lensmannskontora. Konsekvensen av politiets opplegg er å skape a- og b-lensmannskontor. Eg er redd den selektive utplasseringa er eit målmedvite val for å få lagt ned lensmannskontor og etablere større einingar, seier Olav Urbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han godtek ikkje det han kallar eit nytt forsøk på ei skjult strukturrasjonalisering av lensmannskontora. Regionordføraren minner om at Stortinget har vedtatt at kvar kommune skal ha sitt eige lensmannskontor, og at det frå øvste politiske hald er forsikra om at det ikkje er planar om noko anna. Spørsmålet vart nemleg reist i samband med politireforma.

I brevet frå VTR vert det peikt på at særleg ungdom og eldre vert skadelidande om dei må reise langt for å få ordna seg pass. Offentlege kommunikasjonar er så dårleg utbygd at det er til lita nytte.

– Personar som ikkje er norske, til dømes flyktningar, vert også råka. Dei må ha reisebevis, og dei kjem også til å krevje ein tur til ein passautomat, fortel Urbø.

Vest-Telemarkrådet ber Politidirektoratet om eit snarleg møte. Ein vil kjempe hardt for å hindre nedlegging av lensmannskontor, og krev at alle kontora har likt tilbod.

Den nye politimeisteren i Telemark, Anne Rygh Pedersen, uttalte til Varden sist laurdag at ho ikkje fredar nokon av lensmannskontora i fylket. Men vedgår at ho må ha lokalpolitikarane med seg på laget dersom kontor skal slåast saman.

Telemark politidistrikt skal ha 12 passautomatar. Seks av dei skal vere i Grenland. VTB har grunn til å tru at dei seks andre vert plassert slik: Kragerø, Bø, Seljord, Vinje og to på Notodden.