Fylkesrådmann Rolf-Helge Grønås fekk eit samrøystes fylkesutval med seg på ein kvass kritikk av forvaltingsreforma på samferdsleområdet frå 2010.
Fylkesrådmann Rolf-Helge Grønås fekk eit samrøystes fylkesutval med seg på ein kvass kritikk av forvaltingsreforma på samferdsleområdet frå 2010.

Krev pengar for å overta riksvegane

Det er heftig strid om korleis riksvegane frå 2010 skal overførast frå staten til fylkeskommunen. Eit samrøystes fylkesutval vil ikkje godta overtakinga sidan det ikkje fylgjer pengar med frå staten. Fylkesvaraordførar Lars Bjaadal (Sp) krev at staten tar ansvaret for det enorme vedlikehaldsetterslepet på riksvegane i Telemark.

Lars Bjaadal kallar Samferdsledepartementets opplegg for overføringane av riksvegane til fylkeskommunane som ei kritikkverdig overkøyring. Han reagerer på at staten ikkje signaliserer at det kjem pengar med reforma, og at fylkeskommunen berre fekk 14 dagars høyringsfrist.

I Telemark har Vegvesenet rekna ut at vedlikehaldsetterslepet på riksvegane er 700 millionar kroner. Ifylgje fylkesvaraordføraren har ikkje fylkeskommunen pengar til å halde riksvegane i stand.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den økonomiske situasjonen til fylkeskommunen gjer at me ikkje maktar å ta vare på våre eigne fylkesvegar. Me har prøvd å gjere noko med vedlikehaldet ved å låne 100 millionar kroner, men i årets budsjett er det ikkje midlar til korkje investeringar eller vedlikehald av fylkesvegane. I motsetnad til regjeringa har ikkje fylkeskommunen store olje- og honningkrukker å ause pengar frå, seier Bjaadal.

Navarsete får kritikk

Sp-leiar og samferdsleminister Liv Signe Navarsete får som hatten passar av mange fylkeskommunar. Dei skuldar ho for å ha mistillit til fylkeskommunane, og for å lure seg unna rekninga for vedlikehald på riksvegane.

Lars Bjaadal vel å leggje skulda på regjeringa, og seier han er overtydd om at Navarsete ikkje ynskjer denne måten å gjennomføre vegreforma på.

– Eg trur ho ikkje har vunne fram i regjeringa, seier fylkesvaraordføraren.

Fylkesrådmann Rolf-Helge Grønås fekk eit samrøystes fylkesutval med seg på ei krass fråsegn, der det vert peika på at det er uakseptabelt at regjeringa vil setje paragraf 7 i veglova ut av spel i samband med at dei kvitter seg med ansvaret for riksvegane. Denne paragrafen set krav til tilfredsstillande vegstandard ved overføring frå eit forvaltingnivå til eit anna. Fylkesutvalet krev at fylkeskommunens nye ansvarsområde på samferdsleområdet må kompenserast fullt ut, også vedlikehaldsetterslepet.

Statleg mistillit

Grønås fekk også fylkesutvalet med seg på at Samferdsledepartementet også uttrykker klar mistillit til fylkeskommunane som samferdslestyresmakt. Årsaka til dette utfallet er at departementet gjer framlegg om ei rekkje lovendringar som gjev staten rett til å gje instruksar og pålegg om korleis fylka skal byggje ut, drive og vedlikehalde dei framtidige fylkesvegane. Staten vil også blande seg inn i fylkas organisering av arbeidet, særleg med trafikktryggleik på ein måte fylkesrådmannen meiner bryt med kommunelova.

Fylkesutvalet krev i fråsegna til departementet at dei vert gjeve handlingsrom til å utforme sin eigen samferdslepolitikk innanfor overordna nasjonale rammer. Likeeins krev fylkeskommunen at Statens vegvesens distriktskontor slåast saman, slik at dei fylgjer fylkesgrensene.

– Eg må seie at det er ein uklok måte regjeringa går fram på. Handlemåten er med på å setje heile regionreforma i eit endå dårlegare ljos enn ho alt er i. No får reforma ein veldig dårleg start. Ei reform bør ha som mål at ho fører til betre forvalting og betre vegstandard. Ei slik målsetting ser eg svart på slik regjeringa legg opp gjennomføringa av vegreforma, seier fylkesvaraordførar Lars Bjaadal.