Telemark KrF sin Geir Jørgen Bekkevold (t.v.) og Ådne Naper (SV) fylgjer seint måndag kveld spente med på valresultat, men må vente ei tid før ein veit kven av dei to som stikk av med siste mandatet i fylket.

KrF har 147 fleire røyster enn SV

Tysdag morgon er det framleis ikkje avgjort om Ådne Naper (SV) klarer å ta utjamningsmandatet i Telemark frå Geir Jørgen Bekkevold (KrF).

95,1 prosent av røystene er talde opp i Telemark tysdag klokka 09.00. Før midnatt blei det klart at Terje Lien Aasland og Lene Vågslid (båe Ap), Solveig Sundbø Abrahamsen (H), Bård Hoksrud (Frp) og Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) er valt inn for komande stortingsperiode.

Spenninga er om Geir Jørgen Bekkevold får halde fram på tinget, eller om Ådne Naper tek over utjamningsmandatet. KrF i Telemark har i det 4,9 prosent av røystene ikkje er talde, ein oppslutnad på 5,0 prosent og 4798 røyster. SV ligg på 4,9 prosent, 147 røyster bak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er eit håp om at endeleg valresultat skal vera klart i løpet av dagen.