– KrF har vore den fremste pådrivaren på Stortinget
KrF-leiar og stortingsrepresentant Knut Arild Hareide kjenner seg ikkje igjen i utspelet til nissedøl og varaordførar Geir Christian Enger.
I VTB rett etter påske sa Geir Christian Enger, varaordførar i Nissedal og 3. kandidat på lista til Telemark KrF ved sist stortingsval, at han stør mykje av synet til tidlegare innvandrings- og investeringsminister og justisminister Sylvi Listhaug (Frp). Enger sende e-post til partileiar Knut Arild Hareide om at nissedølen var lei seg for korleis KrF har handtert saka om Listhaug over lang tid. Enger gav kritikk til Hareide og partiet sentralt – meinte KrF måtte våge å vere tydlegare og tole å ta ubehagelege diskusjonar for å unngå at ekstremisme skal vekse fram.
KrF-varaordførar kritiserer Hareide
Artikkelen held fram under annonsen.
Onsdag i påskeveka svara Hareide ja til VTB på å kommentere utspelet til Enger når høgtida var over. Hareide svara ikkje før tysdag denne veka, og beklaga då at det tok lang tid før kommentaren kom.
Ryddig debatt internt
Hareide opplyser innleiingsvis at stortingsgruppa til KrF hadde brei støtte i partiet for handteringa av mistillitsforslaget mot tidlegare justisminister Sylvi Listhaug.
– Eg meiner ho gjorde eit klokt val då ho til slutt valde å gå av. Eg forventar ein anstendig debattform frå våre leiande politikarar. Det har eg også vore oppteken av for eigen del, uttaler Hareide i eit e-postsvar til VTB.
Partileiaren fortset med at det skal vere rom for ulike meiningar i KrF.
– Men Listhaug-saka handla ikkje om innvandring og integrering. Eg har fleire gonger vore tydeleg ute mot ekstrem islamisme, og KrF har vore den fremste pådrivaren på Stortinget for å bekjempe antisemittisme. Det var vi som føreslo ein handlingsplan mot antisemittisme. Vi har også pressa på for å ivareta kristne konvertittar, så eg kjenner meg ikkje heilt igjen i det Geir Christian Enger seier, men aksepterer naturleg nok ein ryddig debatt internt i KrF, er avsluttinga på svaret frå Hareide.