Kritisk til kontrollutvalet i Tokke
Rådmann Brit Houge i Tokke rettar krass kritikk til kontrollutvalet i samband med oppfylginga av personal- og organisasjonsleiinga i kommunen.
Rådmannen skriv i sakspapira til dagens kommunestyre at utvalet utan god nok dokumentasjon bidreg til urett bilete av omfanget av problem i Tokke.
I dag handsamar kommunestyret i Tokke to saker: Arbeidsmiljøet i kommunen, og oppfylginga av personal- og organisasjonsleiinga i kommunen. Den siste saka har også fått ei ny innleiing, nemleg: Kontrollutvalet. Det er fordi rådmannen ynskjer å seie noko om rolla til utvalet i denne saka, som tek føre seg ei varslingssak retta mot rådmannen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Viser til forvaltingslova
Houge vedgår at kontrollutvalet har rett og plikt til å blande seg inn i alle sider ved verksemda kommunen driv. Samstundes peikar ho på at i sakshandsaminga har ikkje utvalet fylgd kontradiksjonsprinsippet i forvaltingslova paragraf 16 og 17, som mellom anna omfattar førehandsvarsling og informasjonsplikt.
Kontrollutvalsleiar Steinar L. Mandt ynskjer ikkje å kommentere kritikken frå rådmannen i særleg grad.
– Eg er ikkje heilt samd i kritikken, men eg ynskjer ikkje å gå nærare inn på dette, seier han.
Sakshandsamar i kontrollutvalet sekretariat, Beate Marie Dahl Eide, er heller ikkje særleg taletrengd.
– Det er ikkje rett av meg som sakshandsamar å kommentere saka. Sekretariatet legg fram saka for kontrollutvalet, seier Eide.
Rådmann Houge viser til at sakshandsamaren i kontrollutvalets sekretariat meiner det er viktig å få inn ein person som blir oppfatta som uhilda av båe partar til å leie ein prosess vidare «då varslingar som gjeld øvste administrative leiing (rådmannen) er ein del av sakskomplekset, og det er så ulik oppfatning og tiltak/metodikk for å løyse situasjonen».
Houges kommenterer dette på fylgjande måte i sakspapira: «Til dette er å seie at dei fagpersonane rådmannen og politisk leiing har vore i kontakt med og som står for den metodikken rådmannen har vedteke å innføre, vel må kunne oppfattast som uhilda og solide, og høgt kompetente personar til å rettleie organisasjonen vidare.»
Ho siktar til professor Ståle Einarsen og advokat Harald Pedersen, båe fagpersonar innan sakshandsaming etter Arbeidsmiljølova.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men Houge ser ikkje ut til å vurdere varslingssaka slik at ho ikkje bør vere sakshandsamar i eiga sak.
Rådmannen skriv vidare i sine kommentarar: «Dersom sakshandsamar (i kontrollutvalets sekretariat) siktar til at det er rådmannen som ikkje blir oppfatta som uhilda, og difor ikkje kan eller bør leie prosessen vidare, må det vere å sjå på som ei oppmoding om å vise mistillit til rådmannen i dette arbeidet, og sette rådmannen under administrasjon.»
Brit Houge hadde ikkje tid til å gje kommentarar i saka.
Ordførar Hilde Alice Vågslid (Ap) ynskte heller ikkje å kommentere saka.