Kritisk til «moglegheitenes plan»
Halvor Lognvik (Frp) var lite imponert over framlegget til regionalplan for Hardangervidda, og ville seie nei til heile planen.
Dei kallar det «moglegheitenes plan», men det er heller det motsette, ein nei-plan, sa Halvor Lognvik då kommunestyret i Vinje torsdag uttala seg om regionalplan for Hardangervidda.
Han fekk ikkje gjennomslag for forslaget om å seie nei til planen, men fekk støtte i fleire av synspunkta sine, mellom anna frå Ole Kristian Nyhus (H).
Artikkelen held fram under annonsen.
Har me sjølvråderett lenger, undra Nyhus, som følte grunneigarane blei fråtekne alle rettane.
Høgre-politikaren trekte parallellar til USA då dei kvite jaga indianarane i reserverat.
Eg har kjensla av noko av det same, sa Nyhus, som syntest storsamfunnet tok seg vel til rette.
Du er velkomen i vårt parti, repliserte Halvor Lognvik med eit smil.
Frp-representanten meinte det blei for mange planar, og syntest det var nok med kommuneplanen som styrande verktøy.
Opptatt av turistnæringa
Jon Rikard Kleven (Sp) var usikker på om planen balanserte villrein- og næringsinteressene, og bad om at kommunen påpeika at det må bli tatt omsyn til turistnæringa i planen. I framlegget til plan er delar av kommunedelplanen for Vågslid føreslege innanfor nasjonal villreingrense, noko som kan hindre vidare utvikling av skianlegget.
Ordførar Arne Vinje (SV) meinte det var politisk naivt ikkje å ynskje planen. Men han var opptatt av at uroa frå skidestinasjonane Rauland og Vågslid måtte bli tatt på alvor.
I uttala frå kommunestyret i Vinje heiter det at det er ein føresetnad at planen ikkje innskrenkar drifta ved skisentra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lena Romtveit (Sp) var opptatt av å sikre trekkvegar for reinen, og ynskte å utvide korridorane ved Songaområdet og Bitdalsområdet. Det fekk ho med seg fleirtalet i kommunestyret på.
Tone Edland (Sp) var langt frå samd med Halvor Lognvik i at det var ein «nei-plan». Ho viste til at det er lagt til rette for at grunneigarar som driv landbruksbasert utmarksnæring kan vidareutvikle og utnytte utmarksressursane på eigedomen.
Vil fjerne gjerde
Kommunestyret peikar elles i uttala på at det mellom anna bør bli utarbeidd retningsliner for korleis ein kan drive tilpassa bruk i særskilde område, og viste mellom anna til at Haukelirennet og Rauland frikøyringsfestival må få forutsigbare rammer.
Halvor Midtveit (Ap) fekk gjennomslag for å fjerne eit gjerde mellom Songa og Bordalsvatnet av dyrevelferdsårsaker, og fekk med seg fleirtalet på at dette var viktigare enn at det blir utarbeida retningsliner for oppsetting av gjerde.
Fylkeskommunane har fått i oppdrag av Miljøverndepartementet å utarbeide fylkesdelplanar for ein heilskapleg forvaltning av fjellområde som er særskild viktige for villreinens framtid i Noreg. Planen er meint å leggje til rette for lokalsamfunnas behov for nærings- og bygdeutvikling, og samtidig sikre villreinens langsiktige gode livsvilkår og tilstrekkelege leveområde.
Krev konsekvensutgreiing før vedtak
Då detaljeplanen for Huskarmyri massetak torsdag endeleg skulle bli vedtatt, sendte Vinje kommunestyre han tilbake til planutvalet og bad om konsekvensutgreiing.
Det er Tveito maskin AS som vil ta ut masse i Rauland. Frå Huskarmyri massetak er det tenkt å ta ut 1,9 millionar kubikk i løpet av 20 år. Det var eit samla kommunestyre i Vinje skeptiske til då dei torsdag skulle ta endeleg stilling til detaljplanen.
Halvor Lognvik (Frp) lika dårleg framtidsscenarioet. Han såg for seg ein fjellvegg på opp mot 50 meter på det høgaste.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det blir ein loddrett fjellvegg i ein kilometer, sa Halvor Lognvik (Frp), som meinte både omfanget og driftstida måtte reduserast.
Lena Romtveit (Sp) fylgde opp.
Eg har sett på dette med skrekk og gru. Det er dumt å kome med innvendingar heilt på tampen, men volumet er heilt på grensa til at det utløyser ei konsekvensutgreiing, og eg synest me bør krevje det her, sa Romtveit, og frykta kommunestyret kunne gjere ein stor blunder utan ein ekstra runde.
Ho fekk heile kommunestyret med på å sende planen tilbake til plan- og miljøutvalet, og at kommunen syter for ei konsekvensutgreiing.
Det er best om slikt kjem på eit tidlegare stadium. Me må skjerpe oss, påpeikte ordførar Arne Vinje etter vedtaket.
Overraska
Plan- og økonomisjef Jan Myrekrok minna om at det hadde vore mange rundar mellom plan- og miljøutvalet og tiltakshavar, og bad om at politikarane måtte vere forutsigbare. Han undra på om politikarane i det heile tatt hadde lyst på planen.
Fleire naboar til det planlagde massetaket har vore uroa for konsekvensane, og i høyringsrunden er det peikt på at det mellom anna ikkje blir fint å sjå på, at støy blir eit problem og at tiltaket vil ha konsekvensar for storviltet.
Då kommunedelplanen for Rauland blei vedtatt i 2006 opna kommunen for at det kan bli etablert massetak ved Huskarmyri. Rådmannen i Vinje meiner det er vanskeleg å seie nei til tiltaket no når ein overordna plan legg til rette for det.
Artikkelen held fram under annonsen.
Detaljplanen blei lagt ut til offentleg ettersyn i fjor haust.
Bjørn Vidar Nesheim, dagleg leiar i Tveito maskin AS, er svært overraska over vedtaket i kommunestyret.
Eg synest det er heilt urimeleg. Planen har blitt behandla sidan 2008, og så kjem det eit benkeforslag heilt på tampen. Om kommunen ynskte konsekvensutgreiing burde dei gjort det i samband med at dei i kommunedelplanen opna for massetak i 2006, seier Nesheim.
Han varslar at verksemda vil protestere, og er lite imponert over kommunens behandling av næringsdrivande.