Ungane kruka til dei blei heilt utslitne i Tokkehallen laurdag.
Kruka seg gjennom helga
Laurdag og sundag var danseglade barn samla i Tokkehallen på Dalen for å lære seg å danse halling. At læremeistaren kom frå dansegruppa Frikar, hjelpte nok litt ekstra på motivasjonen.
Heile 21 deltakarar hadde meldt seg på kurset i hallingbreak, og det var høg stemning i hallen. Ungane kruka og spratt rundt i salen, til tonane av fele-, munnharpe- og toradermusikken som strøymde ut frå cd-spelaren.
Kursleiar Anders Haasberg frå Frikar Dance Company heldt styr på dei ferske hallingdansarane, som fekk køyrd seg skikkeleg i løpet av timane i hallen.
– Er de slitne, ropa Haasberg til ungane, og fekk eit rungande ja til svar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP