Jørn Våge frå Veterinærinstituttet (t.h.), sekretær Svein Erik Lund i villreinutvalet (med prøveglas og prøveskei) og Sigurd Espeland frå Mattilsynet hadde på møtet mykje informasjon om skrantesjuke og tiltak, og jegerane fekk spørje om ting dei undra på.
Jørn Våge frå Veterinærinstituttet (t.h.), sekretær Svein Erik Lund i villreinutvalet (med prøveglas og prøveskei) og Sigurd Espeland frå Mattilsynet hadde på møtet mykje informasjon om skrantesjuke og tiltak, og jegerane fekk spørje om ting dei undra på.

Kryssar fingrane og håpar Hardangervidda er fri for skrantesjuke

Jegerar som jaktar i Nordfjella blir oppmoda om å ha god reingjering av mellom anna fottøy om neste tur er på Hardangervidda.

I førre veke arrangerte Hardangervidda villreinutval og Vinje kommune informasjonsmøte om den dødelege skrantesjuken som er påvist på tre rein i Nordfjella, og kva konsekvensar det får for Hardangervidda villreinområde. I eit godt besøkt Vinjehus møtte også Jørn Våge frå Veterinærinstituttet, Sigurd Espeland frå Mattilsynet og sekretær Svein Erik Lund i villreinutvalet for å gje info og svare på spørsmål. Dei var klare på alvoret om den dødelege sjuken.

– Me ynskjer absolutt å få oversikt om det finst skrantesjuke på Hardangervidda, sa Våge.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Spreiar skrantesjuke seg til hjortebestanden rundt Nordfjella, då har me tapt. Då klarer me ikkje å utrydde den frå Noreg. Blir det påvist skrantesjuke på Hardangervidda, vil truleg saneringa i Nordfjella bli skrinlagt. For då har me tapt og må leve med det. Me må krysse fingrar og håpe og tru at Hardangervidda er fri, sa Espeland.

– Det er veldig viktig at skrantesjuke ikkje smittar over på hjort. Den dagen skrantesjuke kjem på hjorten og den flyg over heile Norden, då har ein tapt denne kampen, sa Lund.

Samanhengande tragedie

Våge orienterte om at skrantesjuke gjer at delar av hjernen blir øydelagt, og til slutt døyr dyret. I Nord-Amerika har det vore slik sjuke hos hjortedyra i 50 år. Truleg blir opptil 15 000 infiserte dyr ete der kvart år.

– Der har skrantesjuken vore ein samanhengande tragedie fram til nå. Ein betydeleg del av jegerane i Nord-Amerika vel å ete smitta kjøt. Eg ville personleg ikkje gjort det, sa Våge.

Skrantesjuken smittar mellom individ og mellom miljø og dyr. Det kan vere smittefare i lort i fleire år. Smittefaren i terrenget gjer at Nordfjella skal liggje brakk i minst fem år etter at nedskytinga er ferdig 1. mai neste år. Når ein meiner terrenget er friskmeldt blir det plassert rein att der, truleg frå Hardangervidda, som genetisk har veldig like reinsdyr som Nordfjella.

Andre tiltak er reduksjon av hjortebestandar rundt Nordfjella villreinområde som ei førebygging.

– Skrantesjuken er fortrinnsvis hos dyr mellom to og fem år, men me har ikkje noko handfast som kan seie kvar sjuken kjem frå. Friske dyr med vellykka immunforsvar utviklar også sjuken. Smittestoffet skiljast hovudsakleg ut gjennom spytt, urin og avføring. Eit dyr er smittsam heile tida frå det har fått sjukdomen, men me forventar ikkje at skrantesjuken skal smitte til sau, sa Våge.

Blir ikkje borte på eiga hand

Våge sa elles at i teorien vil all møkk, jord og slaktereiskap som har vore borti skrantesjuke dyr, ha smitte som er mogleg å dra med seg til andre område.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viss de skal jakte i Nordfjella også, vil eg foreslå at de jaktar ferdig på andre område fyrst, sa Våge.

– Viss ein jaktar i Nordfjella bør ein tenke seg godt om før ein går på Hardangervidda og driv der. Ein må ha god reingjering av klede og ikkje minst fottøy, skaut Espeland inn.

Han la til at ramnar og andre kan utgjere ein potensiell risiko for å spreie smitte frå slakteavfall med skrantesjuke.

– Det er fyrst og fremst livdyr som er risikoen for å spreie smitta. Det er ikkje påvist smitte av skrantesjuke til folk eller husdyr, men risikoen er ikkje null, sa Espeland.

– Det som er sikkert er at skrantesjuken ikkje blir borte på eiga hand, sa Våge.

Auka overvaking og avskyting

I 2016 blei det funne to elgar med skrantesjuke i Selbu. Våge sa ein derfor vil forvalte elgen med auka prøvetaking, overvaking og avskyting i Selbuområdet, og seie nei til saltsteinar framover, på grunn av smittefare om eit sjukt dyr har vore der. Det kan elles kome forbod mot slikkesteinar til vilt i heile landet, men det er ikkje fatta slikt vedtak ennå.

Espeland sa dette om dei to sjuke elgane i Selbu:

– Mykje tyder på at dei hadde ein ikkje smittsam variant, men det er litt merkeleg at det nesten samtidig kjem to skrantesjuke elgar i same området.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må ta prøver frå hjernen og avføring

I haust får alle som skyt rein på Hardangervidda påbod om å ta prøver frå hjernen og lort.

– Det er hjernen me stiller diagnosen på. Avføringa skal me bruke til å få fram kunnskap om sjuken, sa Våge frå Veterinærinstituttet.

– Eg anbefaler å vente med å ete kjøtet før ein får svar på prøva. Det me veit i dag; det er ikkje farleg for menneske å ete skrantesjuke dyr, sa Espeland frå Mattilsynet.

Det blei elles presisert at viltslakteri ikkje kan handtere reinskjøt før prøvesvar er på plass.

Lund i villreinutvalet viste film som ligg på nettet om korleis ein tek hjerneprøva, som ein må forsøke å halde kjøleg.

– Legg hjerneprøva saman med ølen, då er den forholdsvis kald, sa Lund med litt humor.

Prøvene skal bli tatt av rein som er 1,5 år gamal og eldre. Ved utdeling av fellingskort vil det vere med to prøveglas til kvart dyr og éi skei for å hente hjernemasse. Prøvene blir sendt i konvolutt for analyse, etter at dei er påført informasjon som trengst. Svar på hjerneprøva kjem etter planen innan tre dagar. Vidare må ein gjerne ta med kjeven på rein, då det ved eventuell skrantesjuke er interessant å vite alderen på dyret.

– Ein kjem til å samle inn prøver frå Hardangervidda og andre område i årtider framover, er min spådom, sa Lund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krise om det kjem skrantesjuke

Knut Erik Jordstøyl og kona Aslaug Kostveit har sist vinter hatt oppdrett av 36 hjortar.

– Det blir krise om eg får skrantesjuke der, seier Jordstøyl til VTB.

Både Jordstøyl og Halvor Loftsgarden er ivrige jegerar på Hardangervidda. Loftsgarden trur ikkje det blir eit stort problem å ta prøver av reinen til hausten, men ei utfordring kan bli å få dei ned av fjellet innan rimeleg tid. Jordstøyl ser logistikken med prøvene som ei utfordring, og synest det ville vere bra med felles leveringspunkt med rask tilgang på kjøling i kommunen.

Loftsgarden meiner det er ganske fortvila når ein må skyte ut stamma i Nordfjella, men at det er eit forsøk på å stoppe skratesjuken i fødselen.

– Hensikta og formålet er bra. Blir skrantesjuke spreia utanfor Nordfjella har me eit problem, seier Loftsgarden.

Jordstøyl undrar på om ein veit nok til å gjere eit så drastisk tiltak som å avlive heile stamma i Nordfjella.

– Eg er ikkje imot nedskytinga, men er usikker på om ein får bukt med skrantesjuken når han kan liggje latent i fjellet i årevis, seier Jordstøyl.