Kulestøytaren heidra med stipend
– Det største målet mitt er å få med fleire i friidretten i Seljord. Og eg skal satse og bli ein betre kulestøytar, smiler Julie Noraberg Nilsen (16) frå Seljord som fekk årets kulturstipend.
Etter tog, leikar, pølser og kake var 17. mai-gjestene i Seljord samla på Granvin kulturhus tysdag ettermiddag. Skulemusikken i Seljord opna festførestillinga, før det blei vist fram både spel og dans frå utøvarane i Tusseleiken. Elevane i 6. klasse hadde underhaldning både med skodespel og song, og Pia Groven-Robertsen heldt ein flott festtale der alle blei gratulert med dagen.
Stipend til talent
Ein lang dag for musikantane i skulemusikken var over. Ei god notebunke med marsjar og anna blei pakka ned saman med trompeten i instrumentkassa til musikant Julie Noraberg Nilsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men ho kunne ikkje gå heilt enno. Ordførar Halfdan Haugan hadde nemleg gledelege nyhende å kome med til 16-åringen. Han kom på scenen med ein gåvesjekk på 20 000 kroner og ein kunstkalligrafi laga av Borghild Telnes der ein ung og lovande idrettsutøvar blei heidra.
– Årets stipendmottakar deltek i mange aktivitetar i kommunen, og ved sidan av song, musikk og korps er kandidaten ein aktiv idrettsutøvar, sa ordføraren, og inviterte seljordsjenta til scenen.
– Eg var førebudd, røper 16-åringen.
– Men då mamma fortalde for eit par dagar sidan at eg hadde fått kulturstipendet for idrettsutøvarar blei eg ganske sjokka, smiler ho.
16-åringen søkte tidlegare i år på stipendet. I søknaden fortel ho at ho representerer Seljord idrettslag med kulestøyt som spesialøving.
«Pappa synest eg var sterk»
Julie har mange jern i elden, og har spela trompet i skulemusikken i seks år. I tillegg likar ho godt å spele piano.
– Eg spela ved bautaen tidlegare i dag saman med ei venninne som song. I kveld skal eg til Flatdal for å spele med ei som skal synge på kveldsprogrammet der, seier Julie.
Ho trivst godt med å spele, og har vore med i kulturskulen i mange år. Men det er idretten ho vil satse på i tida som kjem.
Artikkelen held fram under annonsen.
Julie har kasta kule i fem år.
– Eg sparka fotball tidlegare, men gav meg då det blei for seriøst. Nå blir det bare spel for moro. Det var vel i 2011 eg prøva å kaste kule den fyrste gongen. Pappa synest eg var sterk, og fann ei kule eg kunne trene med i hagen. Det var moro, og etter ei tid blei eg med på stevne, seier 16-åringen.
Mykje trening
Vanlegvis trenar Julie fem gonger i veka. Variert trening.
– Eg trenar mykje styrke, men også kast. I tillegg blir det litt kondisjon, fortel ho.
– Målet mitt er få gode resultat denne sesongen, og slå rekorden for kule i Vest-Telemark. I fylgje boka Best i Vest er kulerekorden for dame på 9.92 meter frå 1968. Det er med ei 4 kilos kule. Førre veke kasta eg 9.15, så målet mitt er å ta rekorden innan hausten, smiler ho.
Julie har tru på at det er viktig å trene variert, og har sett at god trening gjev ho betre resultat kvart år. Sjølv om kulegreina er der ho vil satse har ho også prøva andre greiner innan friidrett i det siste.
– Eg har starta litt med slegge og diskos også, seier ho.
Etter å ha nådd ulike krav blei Julie i 2015 tatt ut til Team Telemark, som den einaste utøvaren frå Vest-Telemark. Her møtest utøvarane til treningssamlingar, og seljordingen har representert Telemark i fleire krinskampar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det beste resultatet eg har til nå er frå i vinter då eg var på eit ungdomsmeisterskap i Steinkjer. Då fekk eg sylv med eit kast på 11.34 meter, seier 16-åringen.
Til Lunde
Til hausten startar kulestøytaren på vidaregåande skule.
– Eg skal gå på design og handverk i Lunde, og eg skal halde fram med trening ved sidan av skulen. Eg skal framleis bu heime, fortel ho.
Julie er glad for at det kjem ein ny friidrettsbane nede på Eventyrøy, og vonar at dette skal vere med å auke interessa for idrettsgreina. Ho set også pris på at idrettslaget startar ei friidrettsgruppe.
– Mitt største ynskje er at det skal bli fleire som vil trene friidrett i Seljord, smiler ho.
– Eg trena saman med nokon frå Porsgrunn og fortalde at eg var heilt åleine om å drive med idrettsgreina i Seljord. Dei synest det var rart at eg klarte å halde på åleine – halde motivasjonen oppe, seier Nilsen.
Reiser mykje
For å vere med på stevne og treningssamlingar må Julie reise mykje for å møte konkurrentar. Det går mykje tid, og kostar pengar.
– Det blir ulike ungdomsmeisterskap, som det eg var med på i Steinkjer. Førre helg deltok eg på eit karusellstemne på Notodden, og til helga reiser pappa og eg til Haugesund, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva skal du bruke kulturstipendet til?
– Det er mykje reising, så stipendpengane kjem godt med til utgifter knytt til dette, seier 16-åringen, takksam for å ha motteke kulturstipendet gjeve av Sparebankstiftinga og Seljord kommune.