Skihistoria frå Morgedal er noko Anne Grethe Bakke og Dag Rorgemoen ved Vest-Telemark Museum ynskjer at fleire skal få del i. På reiselivsmessa på Lillestrøm har dei med seg skisportens vogge. Skisoga i Morgedal er unik i heile verda.
Skihistoria frå Morgedal er noko Anne Grethe Bakke og Dag Rorgemoen ved Vest-Telemark Museum ynskjer at fleire skal få del i. På reiselivsmessa på Lillestrøm har dei med seg skisportens vogge. Skisoga i Morgedal er unik i heile verda.

Kulturell synleggjering på reiselivsmessa

Vest-Telemark Museum (VTM) marknadsførar seg på reiselivsmessa på Lillestrøm denne veka. Morgedal og skisportens vogge saman med den rike folkekunsten og bondekulturen i regionen, pregar presentasjonen.

Konservator Dag Rorgemoen fortel at det er fyrste gong etter at musea i Telemark blei konsoliderte at dei går saman om ei brei marknadsføring av dei 28 museumsanlegga ein finn i fylket.

– Vårt eige museum har heller aldri på eiga hand tidlegare marknadsført seg i ein slik storleiksorden som me gjer på Lillestrøm, peiker han på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anne Grethe Bakke, som er ansvarleg for marknadsføring av VTM og leiar ved Norsk Skieventyr i Morgedal, seier at det store løftet museums-Telemark gjer no har fleire føremål. Ein ser at aktiv marknadsføring er naudsynt for å få fleire besøkande til museumsanlegga. Det er eit felles mål alle dei konsoliderte musea har. Dessutan gjev samarbeidet på reiselivsmessa at det blir knytt betre kontakt mellom musea som vil ha faglege føremonar.

– Eit nært samarbeid med Telemarksreiser er også viktig om musea skal trekke til seg fleire av dei turistane som kjem til Telemark. Difor er det laga spesielle opplegg for mellom anna turistar som kjem i grupper. Det gjeld å «pakke» turopplegg der museumsbesøk er ein viktig del av tilbodet. I det høvet er det laga ein spesiell brosjyre der musea i Telemark fortel turoperatørane kva me har av tilbod, seier Bakke.

Musea ei skattehistorie

Musea presenterar seg på reiselivmessa på eit 60 rutemeter stort loft fullt av gjenstandar av både gamal og ny dato. Her er det høve for folk å gå på skattejakt. Dag Rorgemoen seier at dei fleste som har rota rundt på eit loft, har opplevd spennande timar der. Og eit museum karakteriserar han som ei skattehistorie og ei kjelde for læring.

– Sjølv om me ynskjer å samarbeide tett med turistnæringa, så er det musea som har utforma standen og står fagleg ansvarleg, fortel konservatoren.

Vest-Telemark Museum, Telemark Museum og Industriarbeidermuseet syter for at det blir gjeve ein brei presentasjon av dei ulike kulturane i Telemark.

Kulturell synleggjering

– Det er ei tematisert utstilling me har laga. Her blir bygdekulturen, bykulturen, industrikulturen, kystkulturen, skikulturen og folkekunsten synleggjort, slik at me får fram at musea i Telemark har mykje unikt å vise fram. Eg nøler ikkje med å seie at det me gjer på reiselivsmessa er ein milestolpe. Heile tida vil det vere minst to personar frå kvart av dei tri musea tilstades på messa, seier Dag Rorgemoen.

Reiselivsmessa dreg til seg fleire titusen besøkande forutan at tilsette i turistnæringa møter fram i tusental. Då er det viktig å ha ein stand som gjer at folk stoppar opp. Anne Grethe Bakke fortel at ein har vore medveten om dette. Difor er skattejakt, som har synt seg svært populært på arrangement i Eidsborg, eitt av tilboda på museumsstanden.

Felles museumsbrosjyre

I samband med messa på Lillestrøm er det laga ein felles presetasjonsbrosjyre for alle musea i Telemark. I tillegg ligg den årvisse trykksaka som fortel om tilboda Vest-Telemark Museum har i 2006-sesongen no føre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles er sjølvsagt Henrik Ibsen med når Telemark presenterar seg for omverda. Like eins Telemarkskanalen og båttilboda. Dalen Hotell er tilstades for å fortelje om det unike og verna hotellet som har ei soge nært knytt til aktiviteten på Telemarkskanalen.