Kulturpris til dugande drivkraft
Kulturprisen for 2009 i Tokke går til Torgrim Otterholt.
Otterholt, rektor ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen, har vore og er framleis ein kulturarbeidar av dei store. Han har i perioden 1980-93 vore leiar i støttelaget for Lårdal Bygdemuseum. Frå 1988-95 har han vore nestleiar i styret for Lårdal Bygdemuseum, og frå 1995 blei han leiar for bygdemuseet, noko han framleis er. I 2002 blei Otterholt styreleiar for det konsoliderte Vest-Telemark Museum, ein posisjon han framleis har, grunngjev kultur- og oppvekstutvalet i Tokke tildelinga med.
Han har vore aktiv på mange felt og ikkje minst i idrettslag, skogeigarlag og reserveoffisersforbundet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Otterholt har vore ein viktig støttespelar og dugnadsarbeidar for museet. Like gjerne parkeringsvakt som leiar for store arrangement. Han stiller også eigne gardsreiskap til disposisjon. Han er flink til å takke folk rundt seg både verbalt og med gåver. Og han tek seg tid til å ha omsut for tilsette ved museet, held grunngjevinga fram.
Han har også hatt kommunale verv og oppgåver. Ikkje minst var han ein ivrig forkjempar for det nye kulturhuset på Dalen.
Han har også lagt ned mykje arbeid for at den vidaregåande skulen på Dalen skal vere ein skule for bygdene i Vest-Telemark gjennom å formidle lokalhistorie og kultur. Han er eit samfunnsmenneske som bidreg på mange område og han ynskjer positiv utvikling for heile Vest-Telemark, står det og lese i grunngjevinga.
Prisen blir delt ut i Eidsborg 9. august under eit familiearrangement som museet står for, melder kulturkonsulent i Tokke, Borghild Lurås Stahl.