– Kunne vore starten på ein storkommune
Ordførarane i Seljord og Kviteseid trur ei samanslåing kunne vore starten på ein storkommune i Vest-Telemark, men innser at det ikkje skjer.
– Me har hatt ein prosess i to år nå. Signalet var så tydeleg frå Vinje, Tokke og Fyresdal at det er ikkje reelt å jobbe for noko slikt, seier Tarjei Gjelstad.
Både Kviteseid-ordføraren og kollega Halfdan Haugan i Seljord svarar ja på spørsmålet om Kviteseid+Seljord kunne vore starten på ein storkommune i Vest-Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg trur dei andre kommunane ville sett at det hadde vore fornuftig å henge seg på, seier Gjelstad.
– Fleire eg har snakka med har sagt at dei meiner Seljord og Kviteseid blir litt smått, men at dei ikkje hadde vore i tvil om at dei hadde sagt ja til ein kommune i Vest-Telemark, seier Haugan.
Sjølv om både Haugan og Gjelstad innser at det ikkje blir éin kommune i Vest-Telemark, reknar dei med meir samarbeid i regionen.
– Men det er ikkje sikkert alle seks kommunane skal samarbeide om alt, seier Gjelstad.
– Me må bli betre interkommunalt, spesielt innanfor næring. Alle ynskjer vekst i heile Vest-Telemark, legg Haugan til.