Vest-Telemarkrådet sette ned eit utval som denne veka har hatt det fyrste møtet for å få til legevaktsamarbeid også etter at Nissedal har trekt seg ut. Frå venstre Kjell Gunnar Heggenes, sekretær i utvalet, Kåre Åsen, kommunelege i Kviteseid , Vigdis Mariedatter Gulbrandsen, rådmann i Fyresdal, Sissel Jacobsen Bitustøyl, Vinje kommune, Kari Gro Espeland, Seljord kommune og Finn Arne Askje, politikar i  Tokke.
Vest-Telemarkrådet sette ned eit utval som denne veka har hatt det fyrste møtet for å få til legevaktsamarbeid også etter at Nissedal har trekt seg ut. Frå venstre Kjell Gunnar Heggenes, sekretær i utvalet, Kåre Åsen, kommunelege i Kviteseid , Vigdis Mariedatter Gulbrandsen, rådmann i Fyresdal, Sissel Jacobsen Bitustøyl, Vinje kommune, Kari Gro Espeland, Seljord kommune og Finn Arne Askje, politikar i Tokke.

Kurerer vaktsamarbeid

Ferske innspel frå Seljord kommune er på veg til å sikre at Tokke, Vinje, Fyresdal, Kviteseid og Seljord vidarefører samarbeidet om legevakt. Eit interkommunalt utval skapt av Vest-Telemarkrådet har god tru på ei felles løysing i regionen, sidan vertskommunen serverer nye betalingsmodellar. – Ut frå stoda i dag og at Seljord blir konkurransedyktig ser eg ikkje grunnlag for at vaktsentralen i Seljord ikkje skal leve vidare, seier utvalsleiar Sissel Jacobsen Bitustøyl frå Vinje kommune.

I novembermøtet sa hovudutval for kultur, oppvekst og omsorg i Fyresdal opp avtala kommunen har om legevaktsamarbeid i Seljord. I ettertid meinte ordførar Saamund Gjersund at interessa for saka, og at det var kommunestyret som tidlegare vedtok å vere med i legevaktsamarbeidet, gjorde at dei øvste folkevalte også måtte seie sitt.

Det kom uventa på Per Helge Seltveit i Sp at saka likevel skulle til kommunestyret. Vidare reagerte han på at politikarane fekk utdela saka same dag som ho skulle opp att på ny.

Artikkelen held fram under annonsen.

– At saka kjem til gruppemøta same dag som ho skal opp i kommunestyret er ikkje i samsvar med intensjonen til kommunen om at ein skal setje seg skikkeleg inn i saka, sa Seltveit, og føreslo å utsetje ho.

– Veldig interessant

Fyresdalrådmann Vigdis Mariedatter Gulbrandsen kom direkte frå eit møte i det interkommunale utvalet som vurderer legevaktsamarbeidet framover.

– Seljord har lagt fram nye forslag til avtale som er veldig interessante for Fyresdal. Det er snakk om endring i betalinga for å vere med på samarbeidet. Men me treng meir tid for å kvalitetssikre tala. Eg ser moglegheiter for å få til eit samarbeid i Vest-Telemark også framover, og det er veldig stor semje i utvalet om å få til eit samarbeid. Ei oppseiing av avtala gjev moglegheit for reforhandling, skaut rådmannen inn i debatten.

– Eg må føle meg trygg på kva som er konsekvensen av å røyste den eine eller andre vegen. Eg føler meg ikkje trygg etter orienteringa frå rådmannen, repliserte Seltveit.

Bare han og partifellene Tormod Tveitå, Bjørn Fredrik Nome og Kjell Sverre Thoresen røysta for utsetjing. Dermed kunne debatten gå vidare.

Treng ein dytt

Lars Arvid Bjørgulfson (Ap) hadde to grunnar for å seie opp avtala; å stille med blanke ark og at Seljord kom med innspel.

– Å seie opp avtala er ein dytt til Seljord slik at dei gjer noko. Dei treng dytten for å vakne, sa han.

Tormod Tveitå meinte det ikkje var nødvendig å seie opp avtala for å få reforhandling. Eivind Skjalg Spockeli (Bygdelista) var forvirra og undra på om kommunen risikerte noko som helst ved å seie opp avtala.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me bør seie opp for å stå fritt og reforhandle ei betre avtale, svara rådmannen.

– Om me ikkje er fornøgde med forhandlingane blir me med synet til Sp nøydde til å halde fram i samarbeidet eit ekstra år. Me må stå fritt, sa Edvard Nesland (Bygdelista).

Thorstein Wøllestad (Ap) minna om at det er vanleg å seie opp avtaler for å kome i forhandlingsposisjon.

– Sp har ikkje spesiell dragning til Seljord. Men me har inga dragning til Skien eller Arendal. Me vil ha eit samarbeid i Vest-Telemark, sa Bjørn Fredrik Nome. Han føreslo at ein kunne gå for tilrådinga om å seie opp avtala, men at nye løysingar skulle vere innanfor Vest-Telemark.

– Ved å føye til Vest-Telemark i vedtaket er folk heilt trygge på kva me vil, la Seltveit til.

Vil ha riset bak spegelen

Nesland meinte det blei heilt feil å binde seg til ein region når ein enno ikkje veit noko om resultatet.

– Skal eg velje Arendal er det under tvang, og det kan kome til å skje. Me må stå fritt til å velje framover. Men eg er sikker på at me får til eit samarbeid i Vest-Telemark, sa Bjørgulfson.

Berit Gulbrandsen (Ap) meinte ein mista riset bak spegelen om ein gjorde som Sp og sa at ein same kva ville ha samarbeid i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I staden for å kjøpe legevakt på billigsal i Arendal må me heller betale litt meir for eit samarbeid i Vest-Telemark, avslutta Nome.

Dei fem representantane til Sp blei aleine om å meine at det bare er aktuelt med samarbeidsløysingar i Vest-Telemark. Vedtaket blei ein kopi av det utvalet gjorde; avtala med Seljord kommune om legevaktsamarbeid blir sagt opp for å vere fri og forhandle framover.

Semje om samarbeid

Vest-Telemarkrådet har sett ned eit utval som skal sjå på legevaktsamarbeid mellom Tokke, Vinje, Fyresdal, Kviteseid og Seljord, etter at Nissedal har trekt seg ut. På det fyrste møtet til utvalet denne veka blei Sissel Jacobsen Bitustøyl frå Vinje valt til leiar.

– Det var eit positivt møte og det er semje i utvalet om å ha eit legevaktsamarbeid mellom dei fem kommunane også i framtida. Seljord har sett på ulike betalingsmodellar, men dei må me få kvalitetssikra. Me må ha konkrete tal og strategi framover. Får kvar av kommunane redusert kostnadene ser ingen det i fyrste omgang som aktuelt å gå ut av samarbeidet, seier Jacobsen Bitustøyl til VTB.

– Kjem Tokke og Vinje til å ville ha eit endå tettare samarbeid med legevaktsentralen i Seljord enn dagens avtale som gjeld kveldar og helger?

– Det trur eg ikkje. blir ingen stor skilnad for dei andre kommunane om me gjer det. Bemanninga må vere der same kva, svarar Jacobsen Bitustøyl.

Det kan bli aktuelt at kommunane går over til ein modell der det blir betala etter forbruk.

– Me får ta eitt år av gongen, verda endrar seg. Men ut frå stoda i dag og at Seljord blir konkurransedyktig ser eg ikkje grunnlag for at vaktsentralen i Seljord ikkje skal leve vidare, avsluttar Jacobsen Bitustøyl.