Kutta mest i helsesektoren
Budsjettet i Tokke kom i hamn, men det betyr at det blir færre sjukeheimsplassar på helsesenteret. Kommunale avgifter aukar også med inntil sju prosent. Men på Austheii kan dei sjå ljost på framtida – politikarane sa ja til gateljos.
– Det har ikkje vore heilt enkelt å få budsjettet til å gå i hop. I framlegget til budsjett ligg det i dag ei sak der me gjer om tre sjukeheimsplassar til omsorgsplassar. Elles er det framlegg om færre institusjonsplassar. Kultureininga blir flytta frå plan- og næring til oppvekst. Dette er tiltak som vil gje innsparingar, innleidde konstituert rådmann Hans Kristian Lehmann.
Åtte færre institusjonsplassar
I framlegget er det ei nedskjering av institusjonsplassar frå 35 til 27. Tanken bak dette er at folk skal bu lenger heime, og at heimesjukepleia skal få ansvaret for dei det kan kome til å gjelde.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Budsjettsaka er årets viktigaste sak for politikarane. Me har hatt mykje fokus på innsparingar. Eg skulle sett at me kunne konsentrere oss om anna enn å diskutere driftsnivået. Det hjelper oss heller ikkje at me har ei mørkeblå regjering som kjem med mange fine ord utan at det fylgjer midlar med, sa Hilde Alice Vågslid (Ap).
Skeptiske til kutt
Ho var skeptisk til dei føreslegne kutta i helsesektoren, og stilte også spørsmål om kor reell innsparinga på 2,6 millionar i helse- og omsorgsetaten eigentleg er.
– Me meiner det ikkje er forsvarleg å kutte så mykje innan helse og omsorg, og me er svært uroa over konsekvensane. Vidare må me ha med oss at det er lovpålagt å gje sjukeheimsplassar til dei som har krav på det. Kan nedskjeringa føre til at me må leige sjukeheimsplassar? Eg har tru på at rådmannen og administrasjonen passar på dette, slik at vinninga ikkje går opp i spinninga, sa ho.
Thor Arne Heggtveit (Sp) meinte at ein reduksjon i institusjonsplassar ikkje gjev betre effektivitet.
– Det er tenestenivået som kostar pengar, sa han.
Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti ynskte seg i utgangspunktet eit budsjett som gjekk i null. Senterpartiet har tidlegare stått på at eit netto driftsresultat på 1,5 prosent er nødvendig for å skaffe seg eit visst handlingsrom. Kommunanes interesseorganisasjon KS tilrår eit overskot på 1,75 prosent over tid.
Med alle innsparingane, og då særskild innan helsesektoren, gjekk fleirtalet av kommunestyret, 11 røyster frå Sp mot Ap og KrF sine 10 røyster, inn for eit budsjett som gjev eit netto driftsresultat på 1,4 prosent.
Ljospunkt
Eit par gladnyheiter var det likevel semje om. Det blei løyvd 200 000 kroner til gateljos på Austheii, og båe blokkane var samde om å arbeide vidare for å kunne tilsetje ein næringskonsulent i kommunen. Sistnemnde var eit framlegg frå Ap og KrF.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kritisk til rådmannens innsparingsframlegg
Geir Arild Djuve (Sp) retta hard kritikk mot konstituert rådmann Hans Kristian Lehmann for at han hadde teke inn strukturendring i skule og barnehage i budsjettframlegget. Lehmanns framlegg var å leggje ned skulen på Åmdals Verk, og å samle ungdomsskuletrinnet på Dalen. Han hadde også framlegg om å leggje ned barnehagane på Åmdals Verk og i Lårdal.
– Eg håpa verkeleg å sleppe slike framlegg som rådmannen kom med om å leggje ned skule og barnehage. Politikarane har gjeve klare føringar på området om at dette er eit ikkje-tema. Likevel ligg det altså i framlegget frå rådmannen, sa Djuve.
– Bestillinga er eit budsjett med overskot på 1,5 prosent. Derfor er dette tiltak som eg har teke med. Elles har eg lyst til å seie at me nok må skjerpe oss med tanke på effektivitet. Det sa vel også rapporten frå Telemarkforsking som kommunen fekk tidlegare. Men eg vil også seie at det er ingen grunn til å grave seg ned i tungsinn, sa Lehmann.
Rådmannen opplyste elles at rekneskapet for 2016 mest truleg vil vise eit lite overskot i driftsresultatet.