– Gjennom heile historia til Sparebanken Sør har me blitt skåna for oppseiingar. Me håpar me klarer det denne gongen også, men har ingen garanti for det, seier Andreas Lund, avdelingsbanksjef i Sparebanken Sør.
– Gjennom heile historia til Sparebanken Sør har me blitt skåna for oppseiingar. Me håpar me klarer det denne gongen også, men har ingen garanti for det, seier Andreas Lund, avdelingsbanksjef i Sparebanken Sør.

Kuttar for å sikre eiga framtid

Sparebanken Sør legg ned filialen i Vrådal og fjernar 35 årsverk i storkonsernet. Det handlar om å sikre eiga framtid.

– Me har ikkje ryggrad nok til å oppretthalde Sparebanken Sør som eigen bank om me ikkje har nok inntening. Hovudmålet er å vere sjølvstendig bank også i framtida, seier Andreas Lund, avdelingsbanksjef for Sparebanken Sør sin region med 27 årsverk fordelt på Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Hovden og Bykle.

Uttala kjem etter at storkonsernet Sparebanken Sør har vedteke å fjerne 35 årsverk, i tillegg til å redusere talet på ekspedisjonsstader frå 37 til 29. Dermed ryk filialen i Vrådal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Råkar tilsette i Vest-Telemark

– Me ser at kundane meir og meir brukar nettbaserte tenester. Filialen i Vrådal har nattsafe og fekk minibank i 1999. På den tida reduserte me til tri opningsdagar i veka i bygda. Kundane brukar filialen i Vrådal mindre og mindre. Turistane får dekkja behova sine av minibanken. Elles er det ikkje mange i dag som har ein filial 12 kilometer frå eit anna kontor. Med alle filialane i storkonsernet har me eit dyrt distribusjonsnett og høge personalkostnader, seier Lund, på hogget for å vere mest mogleg konkurransedyktig.

Filialen i Vrådal forsvinn truleg fyrste halvår 2004, og det gjev ei årleg innsparing på 350.000 kroner. Innan utgangen av 2004 skal Sparebanken Sør ha fjerna 35 årsverk.

– Det er enno ikkje avklara kvar årsverka skal forsvinne. Ein god del årsverk kan skje ved naturleg avgang. Det vil bli ei viss nedbemanning som råkar Sparebanken Sør sine tilsette i Vest-Telemark. Hovudmålet er å få til sluttpakker for å sleppe oppseiingar, seier Enok Tveit, leiar for privatmarknaden banken har i regionen.

– Gjennom heile historia til Sparebanken Sør har me blitt skåna for oppseiingar. Me håpar me klarer det denne gongen også, men har ingen garanti for det. Saka blir arbeidd med hardt framover, legg Lund til.

God vekst i utlån

Nedskjeringane skjer trass i at banken ikkje merkar kundeflukt, tvert imot. Siste året har det i Kviteseid vore ein vekst på 20 prosent i utlån, og tala er også gode for resten av regionen. Sparebanken Sør nærmar seg ein milliard kroner i utlån fordelt på Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Hovden og Bykle, medan det er 735 millionar i innskot.

– Sjølv om banken er i medgang, er kostnadene der, seier Lund.

Etter tredje kvartal i år viste årsresultatet til konsernet ei betring på 45 millionar kroner, mykje av årsaka var kursoppgang på verdipapir. Resultatet av den ordinære drifta i år er svakare enn målsetjinga til Sparebanken Sør.

Rentenedgangane er med og gjer at bankane får dårlegare inntening. Lund fortel at det ikkje er sjanse til å setje ned innskotsrenta like mykje som utlånsrenta. Derfor må Sparebanken Sør sjå på andre området for å sikre at banken ikkje må inn i ei større eining.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om det hadde skjedd, ville me mista lokal styring og kunne blitt sentralisert, seier Lund, klar til å kjempe mot ei slik løysing.