Kva vil det bety for samarbeidet i Vest-Telemark om Seljord går til Nav Midt-Telemark?
Håpar inderleg Seljord blir med vidare
Nissedal:Halvor Homme, ordførar i Nissedal, meiner Vest-Telemark står ved eit vegskilje. (Arkivfoto: Geir Ufs)
– Me kan ikkje legge skjul på at me står ved eit vegskilje i Vest-Telemark nå, og skal me ha noko att for Vest-Telemarkrådet og samarbeidet er det viktig at me er samla alle saman, meiner Nissedal-ordførar, Halvor Homme (Ap).
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nissedal er også geografisk plassert slik at me kunne samarbeidd både sørover og austover, men me har valt å samarbeide med Vest-Telemark fordi me meiner det tener Nissedal. Eg trur det er lurt å stå samla i Vest-Telemark og håpar inderleg at Seljord er med på ferda vidare. Eg synest det var leit at dei valde å ta attføringsverksemda ut av regionen, men eg vel å tenke at Seljord held fram som ein del av Vest-Telemark. Eg vil ikkje spekulere for mykje om korleis det eventuelt vil bli om Seljord skulle velje å samarbeide med Midt-Telemark, og eg trur heller ikkje det blir ei problemstilling, seier Homme.
– Vil bli ein utkant i Midt-Telemark
Fyresdal:Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen meiner Seljord blir ein utkant i Midt-Telemark.(Arkivfoto: Olav Åsen Haugsgjerd)
– Med tanke på alt anna samarbeid vil det vere strategisk for Seljord å velje og samarbeide med Vest-Telemark, og eg trur det eksisterande samarbeidet vil påverke valet for kva dei gjer i Nav-saka, seier ordførar i Fyresdal, Erik Skjervagen (Ap).
– Dei valde å ta attføringsverksemda Seljord Personal ut av Vest-Telemark, og det var litt overraskande, men det var berre éin gong. Om dei gjer det fleire gonger kan det etter kvart bli tvil om kvar dei eigentleg høyrer heime. Det vil vere veldig synd for Vest-Telemark og kanskje også for Seljord, om det blir for mange samarbeid austover. I Midt-Telemark blir dei ein utkant, medan dei i Vest-Telemark er ein av dei største, og har ein del makt og innflytelse.
Skjervagen meiner også at det vil vere mest naturleg for seljordingane å halde fram samarbeidet i vest fordi dei har mest til felles kulturelt, og mange av dei same utfordringane.
– Håpar dei er fornuftige og vel Vest-Telemark
Kviteseid:Ordførar i Kviteseid, Tarjei Gjelstad, håpar seljordingane vel fornuftig.(Arkivfoto: Geir Ufs)
– Formannskapet i Seljord valde å la Seljord Personal fusjonere med Idea på Notodden, og om det blir slik at dei vender seg mot Midt-Telemark i Nav-saka også, er det eit signal på at dei tenker ei anna retning. Men eg håpar at dei er fornuftige og vel å samarbeide med Vest-Telemark, seier ordførar i Kviteseid, Tarjei Gjelstad (Ap).
– Dette er eit retningsval
Tokke:Ordførar i Tokke, Jarand Felland, meiner ein står overfor eit retningsval.(Arkivfoto: Stein Olav Lie)
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg er uroleg for Vest-Telemarksamarbeidet, for Seljord har med fusjoneringa av Seljord Personal vist at dei kan vende seg mot Midt-Telemark. Det er veldig viktig for oss at Seljord vil halde fram med å samarbeide med Vest-Telemark. Dette er ei stor sak, og på mange måtar eit retningsval, men det er politikarane i Seljord som må ta avgjersla. Me vil veldig gjerne ha Seljord med i eit felles Nav-kontor, seier Tokke-ordførar, Jarand Felland (Sp).
– Om Seljord vil samarbeide med Midt-Telemark, kjem truleg Vinje og Tokke til å samarbeide endå tettare, medan Kviteseid og Fyresdal må velje kvar dei vil vende seg, så det vil forstyrre maktbalansen i Vest-Telemark, held han fram.
Det lukkast ikkje VTB å få tak i Vinje-ordførar og regionordførar, Jon Rikard Kleven (Sp) før avisa gjekk i trykken måndag.