Homa Atashaghi, Margrete Andersen og Annette Dyrud.
Homa Atashaghi, Margrete Andersen og Annette Dyrud.

Kvar tredje elev vel bokmål

Fleire og fleire av elevane ved ungdomsskulen i Seljord vel bokmål. Bokmål ser ein overalt, og det er både lettare å skrive og finare, meiner mange av elevane.

– Kvifor skriv me nynorsk i Seljord?

Det var eitt av spørsmåla representanten for Norsk målungdom, Bror-Magnus Sviland Strand, stilte til klassene då han vitja skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svara frå elevane var klare: «Me er oppvaksne med det». «Det er ein vane». Grunnar som fekk representanten for Målungdomen til å snakke om språk som identitet. Han poengterte at verken talemål eller skriftspråk er naturgjeve.

– «Naturleg» er ikkje eit omgrep som kan brukast på språk. Språk er menneskeskapt. Språk har med kultur å gjera, ikkje med natur, sa Sviland Strand, og oppmoda elevane til å ta eit ideologisk standpunkt og til aktivt å velje nynorsk.

I sjuandeklassa som hadde besøk av Norsk målungdom hadde dei fleste elevane enno ikkje gjort seg opp noko meining om dei skal velje nynorsk eller bokmål når dei går over i ungdomsskulen neste skuleår. Det er eit val dei må ta i samråd med foreldra. Så langt var fem av dei sytten elevane sikre på at dei kom til å velje nynorsk. Jenny Kristine Runningen er ei av dei som ikkje har teke stilling til spørsmålet.

– Eg veit ikkje, seier ho, og fortel at ho ikkje visste om valet ho må gjera før no.

– Kjem nok til å knote

Det har enno ikkje kome krav frå foreldre om bokmålsklasser i Seljord, men når elevane kjem i ungdomsskulen og får velje sjølve, vel fleire og fleire bokmål. Dei to tiandeklassingane Guro Råmunddal og Silje Haugsvold har hittil halde på nynorsken. Til hausten skal dei over i vidaregåande og står overfor valet igjen. Kva dei kjem til å velje av skriftspråk, er enno usikkert.

Dei to jentene er kanskje vel så opptekne av talemålet. På eit lokaldialektnært målføre fortel Silje at ho snakka bokmålsdialekt fram til ho starta på skulen. At det vart bokmål forklarar ho med at mor hennar snakka slik. Ho fryktar ho kjem til å leggje om att talemålet når ho byrjar på vidaregåande.

– Viss eg kjem saman med mange som snakkar bokmål, kjem eg nok til å knote noko forferdeleg, ler Silje, som likevel forsikrar at ho vil prøve å halde på dialekten sin.

Kjøpt og betalt

Heller ikkje Guro Råmunddal, som skal ta fatt på studiespesialisering ved den vidaregåande skulen i Bø til hausten, er sikker på kva målform ho skal velje. Då Guro flytta til Seljord som lita jente snakka ho bokmålsnær dialekt. Men ho blei påverka av lærarar og venner, og i andre klasse la ho om talespråket sitt. Ho medgjev at faren, som heller ikkje snakkar bygdemål, også pressa på for å få jentungen til å snakke den lokale dialekten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han lova meg tusen kroner om eg byrja å snakke dialekt. Det gjorde eg, og har sidan halde på det, smiler Guro, og minnest ridevesten ho fekk for omlegginga.

Talemål versus skriftspråk

I fylgje Bror-Magnus Sviland Strand i Norsk målungdom er det ingen samanheng mellom talemål og skriftspråk.

– Ingen snakkar bokmål, alle snakkar dialekt. Og det er ingen samanheng mellom korleis ein snakkar og korleis ein skriv, påstod han, og viste mellom anna til det fleirspråklege Sveits der skriftspråket er tysk. Dermed er språkval meir eit kultur- og identitesval, skal ein tru representanten for Norsk målungdom.