– Kvinnekampen har blitt for nærsynt
I 1986 kunne Elisabeth Swensen fortelje at ho feira 8. mars kvart einaste år. Det gjer ho ikkje meir.
– Eg feirar ikkje Kvinnedagen lenger. Det har eg ikkje gjort på mange år, seier ho.
Det er alt me rekk. Telefonen på pulten hennar ringer, og Elisabeth Swensen hastar av garde i kvit frakk.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg må berre kjenne på eit sår. Det tek ikkje lang tid!
Det er ein del av det å vera kommuneoverlege i Seljord. På eit legekontor der alle legane er kvinner. Sett bort frå éin, då. Elisabeth spøkar med at han blei kvotert inn.
– Kor var vi? Nei, eg feirar ikkje. Men, det er ikkje ei aktiv ikkje-feiring, heller, sjølv om det er mange år sidan eg gjekk i tog. Sist eg gjorde noko på kvinnedagen var då eg innleia han i Bø for ein fem-ti år sidan. Då gjorde eg det på ein litt paradoksal måte. Eg hugsar eg ville åtvare norske kvinner mot å gjere seg sjølv til offer. Be dei finne kvinner i verda som verkeleg treng solidariteten deira, og slåst saman med dei i staden.
Morskapet er ikkje eit problem
Ho meiner den norske kvinnekampen har blitt for nærsynt. Det er eit godt bilete på kor mykje som har skjedd sidan ho sat i sofaen i Tokke og kjempa for sekstimarsdagen og likestilling for tretti år sidan.
– Arbeidsspørsmålet er framleis vanskeleg. Kvinner vil gjerne ha full jobb, men mange takkar likevel nei når dei fyrst får tilbod om det. Dette er sjølvsagt fordi det ikkje alltid går over eins med ein omsorgsjobb på sida. Men, då skal ein vera litt forsiktig med å rope for høgt, seier ho.
Som ho sa den gongen: Ho er sikker på at mange mødrer trivst veldig godt med omsorgsarbeidet. Og det er ein del av det å vere kvinne.
– Eg er jo heilt einig i at alle som vil skal få lov til å ha full jobb, men mange vel mindre stillingar for at heimekabalen skal gå opp. Og så er det jo mange som vil ha den dyrebare tida med barna når dei er små. Og det skal ikkje gjerast til eit problem. Me kjem ikkje vekk frå at det biologiske omsorgsarbeidet er knytt til kroppen vår. Det er ein av jobbane våre. Det å klage over at ein ikkje klarar å kombinere rakettforsking med reproduksjon kan me ikkje gjere til ei stor sak. Det er berre slik.
Ho snakkar av erfaring. Det å vera lege og mor til fire har tidvis vore vanskeleg for Elisabeth. Ho takkar dei rundt seg for at ho har klart å balansere båe delar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har vore velsigna med snille svigerforeldre, og ein mann som arbeider som bonde og difor har vore fleksibel. Så det er klart det har mykje å seie kva støtteapparat du har rundt deg. Men, på dei fleste arbeidsplassar vil dei hjelpe deg å finne ei løysing, så sant du legg det fram som eit problem som kan løysast framfor å klage.
Etter ein stor slurk av kaffien lener ho seg tilbake i stolen.
– Det eg sa i Bø var ein start på noko eg har tenkt mykje på etterpå. Når ein lagar seg kampsaker må ein tenke godt over om det faktisk stemmer. Om ein kan stå for det.
Sjå opp og ut
Ho har særleg lagt merke til eit element som stadig blir ein større del av den offentlege norske kvinnekampen. Og det likar ho dårleg.
– Å kjempe mot prostitusjon og pornografi er ikkje det viktigaste i kvinnekampen. Når det blir blåst opp så utruleg stort kjenner eg at eg blir litt flau på kjønnets vegner.
– Kva er det viktigaste, då?
– For å finne dei viktigaste sakene må me ut av vårt eige nærområde. Me må sjå til kvinneundertrykking knytt til religion eller til kulturar der det å vere mannen sin eigedom er ein del av kvardagen. Kvinner som ikkje får utdanning, delta i samtalar eller vera i det offentlege rom, til dømes. Det er det sjølvsagt grunn til å kjempe mot. Der ein brukar enten religion eller kultur til å gjere kvinnene usynlege – eller endå verre: til valdsoffer, seier Elisabeth, som meiner ho ser ei mykje-vil-ha-meir-haldning hjå norske kvinner i dag.
– Det finst sjølvsagt kampsakar i Noreg. Men det typiske har blitt dei litt frigjorte kvinnene som klagar over detaljar knytt til seksuell fridom eller karriereval. Der greier eg ikkje engasjere meg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mangel på gode førebilete
Korleis står det til med feministiske førebilete for unge jenter no til dags? Elisabeth er bekymra.
– Problemet i dag er at førebileta for dei unge har blitt så seksualisert. Eg var sjølv fascinert av Madonna ei stund. Ho var så annleis og tøff. Så eg kan forstå at det er mange unge jenter som let seg fascinere av damene som er litt rebelske. Ta Sophie Elise på Vixen Blog Awards, til dømes (den kjende bloggaren viste fram det eine brystet på scena då ho vann pris i januar red. anm.). Det der forstår eg ikkje heilt. Det er ei misforstått fridomsgreie. Det fører heller til eit slags bilete av at den veldig seksualiserte kroppen er det du har å by på. Poenget mitt er at det er uinteressant. Eg skulle ynskje dei unge jentene heller ville sjå opp til Malala Yousafzai.
Ho gestikulerer samstundes for å sjekke om me heng med i takta.
– På syttitalet var eg sjølv oppteken av at det var min eigen fridom å gå topplaus på badestranda. Eg er ikkje flau når eg tenker tilbake på det no, men det var ikkje eit veldig viktig prosjekt.
– Me har det ekstremt bra
Elisabeth ønskjer at norske kvinner skal setje pris på alt det gode dei har.
– Fridomen vår her i Noreg er enorm. Me får lange svangerskapspermisjonar, det er verdas beste land å få barn i og også kombinere det med eit yrkesliv. Slik sett har eg vanskeleg for å gå i tog for norske kvinners rett til litt meir av alt.
–For me har det eigentleg veldig bra?
– Ekstremt! Det er ikkje mykje kvinneundertrykking å spore i den norske kulturen.
Artikkelen held fram under annonsen.
For tretti år sidan sa Elisabeth at Vest-Telemark var eit vanskeleg område når det gjeldt kvinnearbeidsplassar. Slik er det til dels framleis. Ho kan fortelje at kvinner i distrikta framleis ligg høgt på statistikkar over både sjukefråvere og arbeidsuføre, og at det har noko å gjere med at valmoglegheitene er færre her.
– Det gjeld for så vidt også menn, men for dei er det litt greiare å pendle. Kvinner i reproduksjonsalderen er meir stadbundne. Slik er det berre. Det er eit val ein tek når ein bestemmer seg for å få born.
Prøv sjølv
Kva med dei vesttelane som gjerne vil heim att og arbeide der? Dei har Elisabeth ein klar beskjed til.
– Det har blitt vanleg at kvinner reiser ut av bygdene for å ta høgare utdanning. Men, du kan ikkje ta ein kva som helst slags universitetsutdanning og berre forvente at det finst ein arbeidsplass til deg der du vaks opp.
– Så du kan ikkje studere filosofi og få arbeid i Høydalsmo?
– Jo! Viss du greier å lage deg ein arbeidsplass sjølv. Å bygge opp eit miljø rundt filosofi i Høydalsmo ville vore heilt fantastisk. Men då må du gjere det sjølv. Lag ein tenketank i Høydalsmo! Ypperleg. Men, du kan ikkje seie at det er det offentlege sitt ansvar å opprette ein arbeidsplass for deg i distriktet. Kvinner kan flytte heim og starte kva som helst. Men det er ikkje ei kvinnekampsak.
Me er kjempeheldige
Eitt av spørsmåla Elisabeth fekk i1986 var: «Kva er den største utfordringa for unge jenter som veks opp i Vest-Telemark?». Den gongen var det arbeidsplassane. I dag ser svaret annleis ut.
– Eg trur dei er kjempeheldige. Det gjeld båe kjønn. Dei som veks opp i bygde-Noreg i dag får med seg eit rikt repertoar av kulturelle referansar, praktiske kunnskapar og mange vegval når det gjeld utdanning og framtid. Så at kvinner i Vest-Telemark har store utfordringar får du meg ikkje til å seie. Det har dei rett og slett ikkje. Men det viser oss jo kor mykje som har endra seg på tretti år, smiler ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med ei ny innstilling til kvinnekampen og ei oppmoding til sitt eige kjønn rundar Elisabeth av resonnementet sitt.
– Som du høyrer får du ikkje så mykje feminisme ut av meg. Det er ikkje like mykje behov for det i Noreg lenger. Rett og slett. Og til slutt: Slutt og klag over biologien din. Vil du bli mor, må du nødvendigvis bruke ein del tid og krefter på det. Både kroppsleg og mentalt. Det er eit privilegium å kunne få barn. Eg er kjempefornøgd med å vera dame! Der har du overskrifta di, ler ho.