Kvinnene ser mot Kviteseid
7 av 10 kvinner i Seljord som er for samanslåing, meiner Kviteseid er den naturlege partnaren i framtida.
Også blant mennene som meiner Seljord bør slå seg saman, er det eit fleirtal for Kviteseid-alternativet. Det viser undersøkinga Norfakta har utført på vegne av Vest-Telemark blad.
Dei spurde har fått skissert fire alternativ og svara på kva dei føretrekkjer:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Åleine, som i dag
– Saman med Kviteseid
– Saman med Kviteseid og Nissedal
– Saman med Notodden, Hjartdal og Sauherad
Det har også vore mogleg å svare «veit ikkje» eller «bryr meg ikkje».
Det er små skilnader mellom kjønna. 42 prosent av mennene meiner Seljord bør halde fram som eigen kommune. 38 prosent av kvinnene meiner det same.
Når det gjeld dei tre ulike samanslåingsalternativa svarar 7 av 10 kvinner at Kviteseid er å føretrekkje. Av mennene som ynskjer samanslåing svarar 56 prosent at Seljord+Kviteseid=sant. Alternativet austover med Notodden, Hjartdal og Sauherad er nummer to på prioriteringslista både frå menn og kvinner blant dei som ynskjer ein større kommune.
Kva føretrekkjer du?
Det er i dag fire alternativ når det gjeld kommunesamanslåing for Seljord. Kva alternativ føretrekkjer du?
Artikkelen held fram under annonsen.
Menn
Spurde Prosent
Åleine som i dag 61 42
Seljord og Kviteseid 40 28
Seljord, Kviteseid og Nissedal 11 7
Seljord, Notodden, Hjartdal og Sauherad 21 15
Bryr meg ikkje 4 3
Veit ikkje 8 6
145 personar har svara på undersøkinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvinner
Spurde Prosent
Åleine som i dag 55 38
Seljord og Kviteseid 59 41
Seljord, Kviteseid og Nissedal 8 5
Seljord, Notodden, Hjartdal og Sauherad 19 13
Bryr meg ikkje 1 1
Veit ikkje 3 2
145 personar har svara på undersøkinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Undersøkinga er utført av Norfakta Markedsanalyse AS