Forfattaren Kjersti Rorgemoen, busett i Lårdal, er glad for at kvinner ytrar seg. – I alle fall dei som eg er samde med, sa ho.
Forfattaren Kjersti Rorgemoen, busett i Lårdal, er glad for at kvinner ytrar seg. – I alle fall dei som eg er samde med, sa ho.

Kvinner i klart fleirtal på kvinnedagen

Bygdekvinnelaget i Tokke inviterte saman med Tokke bibliotek til markering av kvinnedagen på kulturhuset. Fire menn og eit femtitals kvinner tok turen.

Det er kvinnenes dag, 8. mars, og derfor er det dei det skal handle om akkurat denne dagen. Det er både rett og rimeleg. Men det er vel rett å seie at kampviljen ikkje er slik ho var for nokre tiår sidan. Det tyder vel på at likestillinga har gått rette vegen.

– Likestillinga har kome langt, og på mange felt er me likeverdige no. Det kan me takke formødrene våre for, slo Randi Felland, leiar i bygdekvinnelaget, fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho sa også at Grunnlova ikkje seier noko særskild om kvinners rettar.

– Men me bør ha fokus på synet mange har på kvinnekroppen. Der er me ikkje likestilte, sa ho.

Samstundes hadde det tidlegare på kvelden blitt lagt ut på borda eit flygeblad for framsyninga «Kvinne kjenn din kropp» av Teater Ibsen … Ei framsyning som kjem til Vest-Telemark i april.

Aasmund Nordstoga song om drustelege kvendi på kvinnedagen.
Aasmund Nordstoga song om drustelege kvendi på kvinnedagen.

Song om drustelege kvendi

Forutan underteikna var Robertas Lamsodis, Aasmund Nordstoga og sambuaren til forfattar Kjersti Rorgemoen dei einaste karane eg såg på kulturhuset blant dei nesten 60 frammøtte denne kvelden. I tillegg til vaktmeistaren då sjølvsagt.

Men mannefråfallet var ikkje kvinnenes skuld. Dei hadde nemleg invitert båe kjønn til markeringa.

Nordstoga song viser om drustelege kvendi. Både «Maren i Myra» og «Koleravise» hadde han med. Og ein liten snutt frå Aasmund Olavsson Vinjes «Ferdaminne» hadde han også fått plass til.

Lovande forfattar

Forfattaren Kjersti Rorgemoen (34) er frå Øyfjell. No bur ho i Lårdal saman med sambuaren sin. Ho tok mastergrad i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen, og har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. I 2009 gav ho ut novellesamlinga, eller notatet som ho sjølv kalla det, «Purkene snudde seg.» Seks år seinare, altså i fjor, gav ho ut romanen «Håpet og festen.» Båe bøkene har hausta gode kritikkar.

– Eigentleg har eg klene erfaringar frå kvinnedagen. Det er nesten slik at eg blei litt nervøs for dei skråsikre parolane. Eg hugsar også at ei venninne og eg møtte på kvinnedagstoget i Oslo. Same kva hjørne og kvartal me runda så var dei der, innleidde ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rorgemoen fortalde litt frå bøkene sine, men mest fortalde ho frå «Tårer i sand», ein roman skriven av Aslaug Høydal (1916-2007) i 1969. Høydal var i slekt med Rorgemoen, og ho vart fødd på Anåskosi i Langlim i Seljord. Høydal var lærar på Tokke skule på Dalen frå 1960 til 1971. Då flytta ho til Skjåk, der ho blei verande til hø døydde i 2007.

– «Tårer i sand» var ei bok der utgangspunktet var det linedelte skulesystem og alt dette førte med seg for elevane. Veneflokkar gjekk opp i liminga og elevane blei tvilande til om det var samsvar mellom ambisjonar og evne, sa Rorgemoen.

Aslaug Høydal gav også ut romanen «Dyr last» i 1963, som også retta skytset mot den linedela ungdomsskulen og den påbyrja sentraliseringa av skuletilboda. Høydal gav i alt ut fleire tiltals bøker.

– I dag, på kvinnedagen, må eg seie at eg beundrar Aslaug for motet hennar. Og eg er glad for at kvinner ytrar seg, i alle fall dei som eg er samde med, smilte forfattaren før ho takka for seg.