Om du ikkje er jeger med hund i lovleg jaktterreng skal alle hundeeigarar fylgje den utvida bandtvangregelen i Kviteseid kommune.
Colourbox
Kviteseid har utvida bandtvang
Kviteseid kommune har hatt utvida bandtvang frå 21. august til 20. oktober sidan 2005, men det finst unntak for reglane i Hundelova.
Kviteseid
Konsulent for utmark, vilt og miljø i Kviteseid kommmune, Magne Skarprud, fortel at det også denne hausten er innført utvida bandtvang i kommunen utover den generelle regelen om bandtvang i heile Noreg frå 1. april til og med 20. august.
– Kviteseid kommune har utvida bandtvangen med heimel i paragraf 6 i Hundelova frå og med 21. august til 20. oktober. Dette er noko me har hatt i Kviteseid i mange år, truleg heilt sidan Hundelova blei innført i 2005. Det som er viktig å merke seg er at ein finn unntak i Hundelova i paragraf 9. Mellom anna er det lov å sleppe hund på lovleg jakt og ha lovleg jakttrening frå og med 21. august, presiserer Skarprud.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP