Heile 39 personar i alle aldrar og begge kjønn ville vera med på den opne fellesturen til Brakandalsnbuten sundag 18. juni.
Heile 39 personar i alle aldrar og begge kjønn ville vera med på den opne fellesturen til Brakandalsnbuten sundag 18. juni.

Kviteseid Turlag med vellukka og interessant fjelltur

Referat

Bilane støymde på i hopetal på frammøtestaden langs vegen mellom Fjågesund og Kilen, da heile 39 personar i alle aldrar og begge kjønn ville vera med på den opne fellesturen til Brakandalsnbuten sundag 18. juni. Lettskya sommarver kom som ei gåve til alle turgåarane.

Etter omlag 6 km samkøyring med bilar langs skogsbilvegen, der bommen var velviljug opna av grunneigar Tor Østenå, kunne turleiar, forteljar og visesongar Ragnar Haugstøl føre an saman med kjentmann Tor oppover i dei stiglause liane. I eit elles variert og mangslunge skoglandskap, blei opplevingane i turen krydra med historiar og song av Ragnar, lyriske og naturfaglege innslag ved underteikna og ikkje minst interessant informasjon om traktene ved Tor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stutte pauser med slike innslag og ein matbit oppover i dei bratte liane mot nuten, gjorde sitt til at heile turfølgjet var godt samla heile vegen, og at alle nådde toppen i god form. I den noko friske fjellvinden ved varden, kunne alle nyte vidsynet over eit vakkert skogog fjellandskap, før me fann oss ei logn hole i ly for vinden, der alle kosa med mat og drikke og prisa turgleda og naturopplevingane før ein gav seg i kast med turen attende. Og at skyene etter kvart forsvann og soli skein frå ein nesten skyfri himmel og varma godt, var ei ny naturgåve frå vergudane, da dette passa godt for den noko lettare og meire sveittefrie nedturen.

Takk for hyggeleg turfølgje, og vel møtt til nye opplevingsrike og helsebringande turar!

Jon Ingebretsen