Kvitsundelevar med beste ungdomsbedrift
Tidlegare denne veka blei det arrangert fylkesmeisterskap for ungdomsbedrifter i Buskerud, Vestfold og Telemark. Blant 200 bedrifter stakk elevar frå Kvitsund av med den gjevaste prisen.
Av dei 200 ungdomsbedriftene som var med i fylkesmeisterskapen var 55 frå Telemark. Om lag tusen elevar representerte dei 200 ungdomsbedriftene i meisterskapen som blei arrangert i Skien fritidspark.
– Heile tolv prisar gjekk til dei forskjellige ungdomsbedriftene frå Kvitsund gymnas. Sjøsnacks UB fekk fleire prisar, og dei tok også med seg den gjevaste, nemleg beste ungdomsbedrift i Telemark, skriv Bettina Abrahamsrud, som er fagansvarleg for vidaregåande skule i Ungt Entreprenørskap Telemark, i ein e-post til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho skriv også at Elisabeth Tørre Særsland, som er ein av dei fire i Sjønacks UB, blei kåra til Telemarks beste seljar.
– Det betyr at ho skal delta i den internasjonale leiarkonferansen i Canada i august, skriv Abrahamsrud.
Mange prisar til Kvitsund-elevar
Kvitsund gymnas stilte med seks ungdomsbedrifter som til saman tok med seg 17 prisar.
Sjøsnacks UB produserer, som namnet seier, snacks frå havet. Nærare bestemt brukar dei sukkertare som dei lagar chips av.
Bedrifta fekk forutan prisen for å vere den beste ungdomsbedrifta i Telemark, også 1. premie for beste marknadsføring, beste logo, beste sals- og servicebedrift, beste IA-bedrift og beste rekneskap. I tillegg fekk dei 2. plass for beste forretningsplan og for beste utstilling. Det er totalbildet som er avgjerande for plasseringa.
Sigeren gjer at Sjøsnacks UB går vidare til noregsmeisterskapen i ungdomsbedrift som går i Lillestrøm i slutten av april.