Bjørnar Christensen.
Bjørnar Christensen.

Kyrkja i Tokke trur at 1700 graver manglar eller har feil festar

Kyrkjeverje Bjørnar Christensen orienterte onsdag formannskapet om kvifor kyrkja i Tokke ønskjer seg stønad til ei ein person i ei 20 prosent stilling som skal rydde opp i festene i kommunen.

– Me treng ein person som kan jobbe med kartlegging av graver, innleia rådmann John Kleiv i formannskapet.

I det førebelse framlegget til budsjett for 2019–2022 har han med ei nyoppretta stilling på 20 prosent over tre år som vil gje Tokke kyrkjelege fellesråd ein moglegheit til å få styr på gravane på dei ulike kyrkjegardane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette vil gå på oppsporing av graveigarar. Me skaffa eit nytt dataverktøy ved årsskiftet, som gjev oss ei mykje betre oversikt over korleis situasjonen er ved alle kyrkjegardane. Det har vist oss at me har om lag 700 graver der me i dag manglar feste. Av dei 2100 gravene me har registrert som aktive, trur me at om lag 50 prosent av dei står oppført med feil festar. Dette skuldast feil i forvaltninga over ein lenger periode. Me må få ordna opp i dette, sa Christensen.  

Eit stort etterslep

Altså trur kyrkja at det kan vera meir enn halvparten av dei totalt 2800 gravene i Tokke kommune som må handsamast på nytt. Dette gjev dei eit enormt ekstraarbeid i det administrative. Difor ønskjer dei å gjera om ei av 50 prosent-stillingane i fellesrådet til ei 70 prosent-stilling.

– Me har eit veldig stort etterslep når det gjeld festarar. Me har gjort om praksisen vår no, og går ut med eit eige informasjonsskriv til alle som melder dødsfall. No kjem alle ned på kontoret og går gjennom dei rettane og pliktene dei får som ansvarlege for ei grav, sa han.

Christensen forklarar at festeinntektene er ein av grunnane til at dette må ryddast opp i. Det andre er at graver utan feste hamnar i forvalterane sitt eige, og då er det veldig lett å ta gamle graver i bruk på nytt. Dette ønskjer ikkje kyrkja i Tokke.

– Me meiner at det er heilt gale. Det er spesifikke reglar knytt til å slette ei grav. Gravminnet er festars eigendom, og så lenge ein har ein festar for ei grav, så kan den ikkje slettast.

Kyrkja trur at inntektene dei kan hente etter denne oppryddinga kan vera med på å finansiere denne stillinga vidare etter dei tre åra.