La ned alderspensjonatet
Omsorgsetaten i Tokke skal spare inn 2,6 millionar kroner i 2013. Tysdag la kommunestyret ned drifta ved Lårdal alderspensjonat som ein del av innsparinga. Konstituert rådmann i Tokke, Brit Houge, meiner kommunen ikkje har ei sunn drift og at det ikkje La ned alderspensjonatet halde fram.
Rådmannen i Tokke, Brit Houge, tilrådde kommunestyret å leggje ned Lårdal alderspensjonat. Nedlegginga av pensjonatet vil gje kommunen ei innsparing på 1,1 million kroner, i fylgje administrasjonen sine utrekningar.
Ynskte ei gradvis utfasing
I kommunestyret var det bare Senterpartiet som motsette seg ei nedlegging av pensjonatet. Birgit Johanne K. Olsnes (Sp) la fram eit forslag til vedtak om å la drifta ved alderspensjonatet bli gradvis fasa naturleg ut i staden for å leggje ned.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nedlegging av pensjonatet inneber tvangsflytting av bebuarane. Det vil eg ikkje vera med på. Det er viktig med eit tilbod der brukarane bur, sa Olsnes.
Alderspensjonatet i Lårdal har i dag 4 bebuarar, og på pensjonatet er alle imot å leggje ned drifta, i fylgje sakspapira.
Varaordførar Kjell Magne Grave meinte at forslaget til Senterpartiet kunne virke forlokkande, men at det ikkje var eit innsparingsforslag.
Kva gjer me om det plutseleg sit att ein bebuar der? Me sparar ikkje pengar då. Den ubehaglege avgjersla må me ta i dag, sa Grave.
Hardt framover
Ordførar i Tokke, Hilde Alice Vågslid (Ap), tok òg til orde for å leggje ned pensjonatet.
Det er ingen som syns dette er artig, men ein må prioritere. Neste år må kommunen spare inn minimum 7,5 millionar kroner. Flest mogeleg skal ha best mogeleg omsorg i Tokke. Er det då rett å ha to pensjonat som er halvfulle? Det grepet som smertar minst er å leggje ned eitt av alderspensjonata. Eg trur eg dessverre kan lova at dette ikkje blir den siste prioriteringa me må ta i haust, sa Vågslid.
Tone Sofie D. Solvang frå Senterpartiet gav utrykk for at ho meinte det ikkje alltid har vore innsparing og nøysemd som har prega vedtaka frå kommunestyret gjennom dette året.
Det blir snakka om innsparingar og budsjett, og det skjer om hausten. Eg har lyst til å minne kommunestyret om at me må tenkje økonomi gjennom heile året og ikkje bare om hausten, sa Solvang.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunestyret vedtok å leggje ned alderspensjonatet i Lårdal med 15 mot 6 stemmer.