Ladestasjon på plass i Seljord
Torsdag ettermiddag blei det opna ein ny ladestasjon ved Sjøormen Kro i Seljord. Det er Fortum som har levert ladestasjonen.
– Me har hatt eit ynske om å tenkje framtidsretta og tilby eit miljøvenleg alternativ til fossilt brensel for folk på vegen. Ved å bli ein del av Fortum sitt ladenett som er ope for alle, sikrar me ei stabil og påliteleg løysing som er enkel å bruke, skriv Aarnesgruppen ved Gunn Anita Stenstad i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Aarnesgruppa driv Aarnes Kafeteria, Senterkroa i Bø og Sjøormen Kro i Seljord.
– Kundane kan betale med mobiltelefon utan førehandsregistrering eller med ei førehandsbestilt ladebrikke og månadleg faktura. Det skal vere enkelt å velje miljøvenleg, skriv Stenstad.
Ordførar Halfdan Haugan (Ap) stod for den offisielle opninga.