Lagar asfalt i lange banar
To stader i Tokke er det asfaltfabrikkar. Både NCC og Skanska har etablert seg i kommunen.
Skanska etablerte for nokre år tilbake eit asfaltverk eit par kilometer søraust for Åmdals Verk. I sommar kom NCC Roads AS til Krossli på veg mot Fyresdal. Dei flytta fabrikken frå Østfold til Vest-Telemark. Det gjorde dei på grunn av mykje asfaltarbeid i området.
– Det er krevjande å flytte ein asfaltfabrikk. Operasjonen krev mange involverte spesialistar på dei forskjellige områda. 20 trailerar måtte til for å få med heile fabrikken, seier Jan Helge Andersen, distriktssjef for asfaltproduksjonen i NCC Roads.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han fortel at arbeidet med flyttinga gjekk etter planen utan uhell og skadar av nokon slag.
– Det er me sjølvsagt svært glade for, seier Andersen.
NCC har fleire større prosjekt i området denne sommaren og hausten, så produksjonen vil gå for fullt framover.
Brukar fiskeolje
Dei brukar Co2-nøytral fiskeolje for å fyre opp asfaltkjelane, og dei har også høve til å bruke resirkulert asfalt i produksjonen. Det gjer at fabrikken produserer asfalt som er vesentleg meir miljøvenleg enn asfalt produsert på tradisjonelt vis.
– Co2-reduksjon er eit viktig fokusområde for NCC, og overgangen til alternative fyringsmedie og dermed utskifting av fossile brennstoff gjer at me har redusera dei årlege utsleppa i 2013 med 4 500 tonn Co2, fortel Andersen.
Det utgjer ein reduksjon på line med utsleppet frå om lag 2 500 bilar i året.
– Me har mål om å ytterlegare redusere utsleppa i år og åra framover, seier han.
Han legg til at selskapet heile tida jobbar med å utvikle produksjonsmetodar som er mest miljøvenlege.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Fiskeolje fungerer svært godt og bidreg til ein flott reduksjon i Co2-utsleppa, seier Andersen.
Moderselskapet NCC omset for 52 milliardar norske kroner og har om lag 18 500 tilsette. Selskapet er eit av Nord-Europas leiande innan bygg, anlegg og eigedomsutvikling.