Låner ut som aldri før
Bibliotekar Bodil Otterholt er fornøgd med utlånsnivået på folkebiblioteket i Tokke.
Fyrste året etter at kulturhuset og biblioteket opna i 2008, var det ein formidabel auke i utlånsmengda. I tida etterpå har utlånsfrekvensen vore stabilt høg, smiler bibliotekar Otterholt.
Kva er årsaka til at Tokke ligg så høgt på statistikkane?
Artikkelen held fram under annonsen.
Plasseringa av biblioteket er veldig god, og me held fysisk til midt i mellom grunnskulen og den vidaregåande skulen. I tillegg er det mange som er innom kulturhuset i andre ærend. Det er både utlåna og besøka som blir registrerte. Besøket registrerar me manuelt, medan utlåna blir ført på data, forklarer Otterholt.
Skuleborn
Ho forklarer at skuleborna er ivrige lånarar, og det er ikkje berre i skuletida dei er innom.
Det er nokså vanleg at heile skuleklasser er innom, men me ser fleire av dei same borna på kveldstid også. Det er etter mitt syn veldig positivt, for det betyr at dei har lært å bruke oss. Opningstider frå klokka ti på føremiddagen til sju på kvelden gjer oss veldig tilgjengelege, og det er også utvilsamt ein viktig årsak til det høge utlåns- og gjestetalet, slår Otterholt fast.
Gjer lekser
Med unnatak av måndagane har biblioteket gode opningstider, og det er også mogleg i stikke innom på laurdagar. Men det er ikkje mykje folk til alle tider i opningstida.
Det er periodar med få folk innom oss, men rett etter skuletid er det gjerne fleire innom. Då har me besøk av skuleelevar som gjer leksene sine her. Dei kan mellom anna kople seg til internett hjå oss. Også i helgene er det ein del skuleelevar her og gjer leksearbeid. Det er ein stille og roleg plass, og me har heile tida vore klare og tydelege på at slik skal det vere også, smiler Otterholt.
Alle kategoriar
Av andre utlånsgrupper nemner bibliotekaren småbarnsforeldre og faste gjester blant pensjonistar og godt vaksne.
Kva er det folk helst låner?
Det er veldig mykje forskjellig. Me erfarer at folk som køyrer mykje bil, gjerne vil låne lydbøker. Bokinteresserte fylgjer nøye med på kva som kjem av nye bøker. Det er nok mest vaksne som låner lydbøker og nye bøker. Elles er utlånet av filmar også høgt. Det er i grunn rift etter produkt i alle kategoriar, svarar ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Otterholt meiner at skulanes søkjeljos på lesetrening også har påverka utlånstala i biblioteket.
Finsk favoritt i 2012
Kva bøker les bibliotekaren helst sjølv?
Eg les helst bøker med innhald, ikkje overflatiske bøker. Favoritten min i år er den finske forfattaren Kjell Westö med boka «Der vi en gang gikk.» Det er ei bok som handlar om finsk historie frå 1900 og framover, forklarer Otterholt.
Elles opplyser ho at krimbøker er mykje etterspurd.
Og så er det alltid spennande når det kjem nye bøker. 2013 kan bli eit interessant år, smiler bibliotekaren på Dalen.