Tokke-lensmann Ann Elisabeth Dale orienterte formannskapet om stoda i kommunen. – Det har vore ein markant nedgang i meldte saker det siste året, sa ho.
Tokke-lensmann Ann Elisabeth Dale orienterte formannskapet om stoda i kommunen. – Det har vore ein markant nedgang i meldte saker det siste året, sa ho.

Langt færre politisaker

Sist veke var det møte i politirådet i Tokke, og lensmannen informerte politikarane om situasjonen. Alle registreringar viser ein nedgang i talet på politisaker.

– Kan det vere fordi folk ikkje ser noko poeng i å melde frå? Dei reknar kanskje med at det er fånyttes sidan dei opplever at politiet ikkje har tid eller høve til å kome, ville Kjell Magne Grave (Ap) vite.

– Eg kan ikkje svare på årsakene til at me har fått færre saker. Men det gjeld ikkje berre Tokke. Både regionen Midt-Vest Telemark, som me er ein del av, og på landsbasis er det nedgang, svara lensmann Ann Elisabeth Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nesten halvert på to år

Ho viste ein statistikk som sa at 2012 blei det meldt 120 registrerte lovbrot i Tokke. Tala i 2013, 2014 og 2015 var høvesvis 134, 115 og 72.

– Me vil at folk melder frå dersom dei ser noko ureglementert, og håpar at det dei føler kan vere store avstandar til politiet, ikkje hindrar dei, sa Tokke-lensmannen.

Ho ville likevel ta med seg dette punktet til sine kollegaer og overordna i regionen.

Talet på vinningsbrotsverk i Tokke har også gått markant ned. Frå 39 meldte forhold i 2012 til 11 i 2015.

– Når det gjeld den type tilfelle vel eg å tru at folk flest melder frå. Ikkje minst fordi det i mange høve kan vere snakk om forsikringsutbetalingar, sa lensmannen.

Ho kom også inn på narkotikasituasjonen, og sa at politiet ikkje hadde registrert nokon negativ utvikling i Tokke den siste tida.

­ – Me er kjent med at det er tilfelle av narkotika i Tokke, og me har hatt saker på bruk og oppbevaring. Men etter vår oppfatning er statistikken ganske flat på det området, sa ho.

Færre sivile oppgåver

Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp) gav uttrykk for at utviklinga med større politidistrikt og færre lokale lensmannskontor ikkje er slik han ynskjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lensmannkulturen var slik at dei hadde ansvar for ganske mykje. For dei var mange av oppgåvene ein måte å få god kontakt med lokalsamfunnet på. Og det er i sin tur viktig for å få eit breitt kontaktnett, og dermed auke sjansane til å oppklare saker. Dette er i ferd med å bli borte no, og det uroar meg, sa han.

Tokke-lensmannen stadfesta at nokre av oppgåvene er borte. Mellom anna må våpensøknadar sendast til Grenland, og det er slutt på å ta imot køyretøyskilt til innlevering. Det lokale lensmannskontoret kan heller ikkje utferde køyresetlar.

– Det er helst dei sivile oppgåvene som har blitt færre, sa Tokke-lensmannen.