Lastebil i tungvektklassa
Åmot Bilservice AS har utvida verkstaden på industriområdet i Åmot, og i den forbindelse fekk dei kraftig besøk frå Volvo. Heile 700 hestekrefter yter verdas sterkaste serieproduserte lastebil.
Me samarbeider med Bilsenteret på Notodden og Volmax. Bilsenteret forhandlar Mazda, Volvo og Renault, og Volmax er lastebilforhandlaren av Volvo lastebilar, forklarer dagleg leiar ved Åmot Bilservice AS, Lars Høydal.
Åmotbedrifta formidlar sal, og har regelbundne besøk av salsrepresentantar for personbilmarknaden. Men det er verkstaddelen som er satsingsområdet til Åmot Bilservice.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me utfører reparasjonar og service på bilar og lastebilar. I den forbindelse har me bygd ut verkstaden vår. Me har også eit samarbeid med posten som har fått nye lokale hjå oss. Totalt har me utvida med 1.000 kvadratmeter, der me har ledig kontorlokale i andre høgda, forklarer Høydal.
No har me fått ein moderne personbilverkstad, og me har frigjort plass til lastebilverkstaden, forklarer Høydal.
E 134 er viktig for oss
Han seier også at aukande arbeidsmengde og større trafikk mellom aust og vest gjorde sitt til at trongen for eit større lokale meldte seg.
E 134 er avgjort svært viktig for oss. Det er mange tunge køyrety som passerar og eventuelt er innom oss, smiler Høydal.
Det er ikkje berre lokalet til Åmot Bilservice AS som er stort denne dagen VTB er innom. Også dei blankpolerte lastebilane med svenske skilt rett utanfor verkstaden er store. I alle fall er motoren det.
Verdas sterkaste
700 hestekrefter er kraftige saker, og det er moro at Volvo presenterar verdsnyhende som dette her i Åmot. Tidlegare hadde Volvo ein modell med 660 hestekrefter, seier Lars Erik Johnsen, selgar hjå Volmax i Skien.
Det er slutt på gulkvite ratt og girspake med gulkvit knott. No er det fjøring i svaneklassen, det er kjøleskåp og dvd og sjølvsagt automatgir.
Yrkessjåførane brukar mange timar på arbeidsplassen, og det er rett og rimeleg, vel kanskje ikkje så rimeleg i kroner og øre, at dei har det komfortabelt, forklarer Johnsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det blir stilt strenge miljøkrav til tunge køyrety, og slik er det også med den nye kraftkaren.
Det er utfordrande for produsentane å fylgje kravet, men det er sjølvsagt heilt avgjerande for å vere med å ta vår del av marknaden. I tillegg er dei nye lastebilane spekka med tryggleiksutstyr, seier ein tydeleg stolt lastebilselgar.