Lattermild «Tante Jutta frå Kalkutta»
Like sikkert som at joleftan kjem den 24., er det at latteren sit laust på Dalen fem dager etter. «Tante Jutta frå Kalkutta» vart ein ny suksess for Tokke Teaterlag.
Ølkorkane sat laust både i garderoben og i den fullstappa salen alt før teppet gjekk opp då Tokke Teaterlag invitera til ny teateroppsetning. Så var det også ein festdag.
Me har øvd ein gong i veka sia september, og har hatt det veldig gøy på øvingane. Det er eit morosamt stykke, fortel instruktør og forkvinne i teaterlaget, Dagny Skjelbreid, før premièra. Ho har litt sommarfuglar i magen, men «slik skal det jo vere.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nette Madsen, som spelar tittelrolla, håpar ho vil hugse replikkane.
Men det viktigaste er at folk ler.
Moro
Publikum lo to timar til endes, anten av Kurt Joar Wrålid med pipestemme og dameklede, av Bjarne Moen som halvblind lege, og av den håplause ungkaren og lystløgnaren, friskt spela av Knut Våmartveit. Men aller mest lo dei då tante Jutta ikkje klara å halde seg lenger, men sjølv sette i å le. Amatørteater, ja, men ikkje mindre moro.
Forviklingar
Historia utspeler seg i stova til Hans Sandemann (Knut Våmartveit), som har bursdag. I fleire år har han levd godt på tante Juttas mange gåver og pengebidrag frå Kalkutta, anten i form av bursdagsgåver, bryllaupsgåve eller økonomisk hjelp i samband med barnefødsel og svigerfars rekreasjonstur. Tante Jutta (Nette Madsen) er lukkeleg uvitande om at nevøen korkje har kone, born eller svigerfar, men så kjem ho på vitjing. Sandemann er i knipe, og venene stiller opp. Skodespelaren Emil vert til kona Aslaug, fengselsfuglen Didrik til svigerfar, og tenarens dotter til sonen Sterkodder. Og dermed var forviklingane i gong.
Tradisjon
Etter vel overstått framsyning vert det skåla på båe sider av teppet.
Dette var ein innertiar! seier Geir Berdalen (Didrik), og resten av laget er ikkje snauare.
Det var ikkje mykje me gløymde! kjem det frå einkvan, og sufflør Modgunn Haugan medgjev at nei, det var det ikkje. Mest vanskeleg var det å få dei til å vente lenge nok med replikkane, til folk var ferdig med å le.
De var kjempeflinke, roser instruktør Skjelbreid, og legg til at det er ein fryd å spela med så mykje bra respons frå publikum. Femtedagsteatret har vorte ein tradisjon, noko dalingane ser fram til kvart år.
Det forpliktar, men det er jo moro au! seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jubileum
Tokke Teaterlag sette opp «Tante Jutta frå Kalkutta» også for sytten år sidan, med fleire av dei same skodespelarane. Neste år feirar teaterlaget 20-årsjubileum, og vil såleis setje opp fleire stykke på nytt framover. Dei som ikkje fekk med seg «Tante Jutta frå Kalkutta» i romjola, kan sjå andre framsyninga ein gong på nyåret.