Lege åtvarar mot nærmiljøskular
Kommunelege John Frisk i Nissedal meiner elevar kan bli skada for livet ved å gå på små nærmiljøskular. Legen hevdar kommunen sviktar elevar.
Den siste tida har mellom anna både rådmannen og ordføraren i Nissedal fått eit internt skriv frå kommunelege John Frisk. Som kommunens medisinsk faglege ansvarleg ser han med stor bekymring på kor lite vekt kommunen legg på elevanes moglegheiter for utvikling av sosial kompetanse på nokre av skulane.
Overfor VTB er kommunelegen klinkande klar på at det ikkje er gunstig å vere einaste jente eller gut på sitt alderstrinn på ein nærmiljøskule.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med dagens låge elevtal på nærmiljøskulane får dei ikkje same høvet til å utvikle sosial kompetanse som andre på større skular. Det kan gje skadar for livet, seier Frisk.
Hårreisande
Grunna personvernet kan han ikkje vise talmaterialet som syner korleis dagens elevar og tidlegare elevar ved nærmiljøskulane i kommunen har det no. På generelt grunnlag konkluderer kommunelegen at det er og har vore stor grunn til bekymring overfor elevar.
Er det bare eit par gutar eller jenter i ei klasse, bør dei finne seg ein annan skule. Det er heilt hårreisande å ha ein skule med til dømes bare seks elevar. Det bør nok vere opp mot 20 elevar på ein nærmiljøskule for å kunne ha eit godt høve til å utvikle den sosial kompetansen. Nissedal kommune kan ikkje halde fram med å ha nærmiljøskulane, slår Frisk fast.
Han meiner Nissedal kommune sviktar barn, då kommunen har ein annan agenda enn å leggje tilhøva betre til rette for å utvikle den sosiale kompetansen. Elles påpeikar han at foreldre må bli høyrd om dei meiner at elevar må flyttast til annan skule, om det er mistanke at dei på nærmiljøskulen ikkje får godt nok høve til å utvikle den sosiale kompetansen.
I slike tilfelle må foreldras ynskje kome før kommunens skulestrukturpolitikk, uttaler kommunelegen.
Lukka augo
Lokalpolitikarane har hatt lukka augo og ikkje tord å ta valet om å leggje ned grendeskular. Vidare har lærarkollegiet valt å oversjå det viktige med at elevane må få god nok sosial kompetanse. Sosial kompetanse er ikkje eit skulefag som kan lærast av ein lærar, men lærast gjennom samspel med andre elevar på same alder og med same kjønn, held Frisk fram.
Når han no påpeikar den helsemessige risikoen i det interne skrivet, er det med bakgrunn i Kunnskapsløftet som seier at arbeid med sosial kompetanse skal gjennomsyre all opplæring. Vidare viser han til Utdanningsdirektoratet sin rettleiar der det mellom anna står at tidleg satsing på utvikling av sosial kompetanse er viktig for å fungere godt på skulen, i det vidare utdanningsløpet og i arbeidslivet.
Mangel på sosial kompetanse kan gje ei rekkje negative konsekvensar. Mellom anna kan det gje utslag i åtferdsmessige forstyrringar og ein kan lettare bli psykisk sjuk. Kommunelegen registrerer elles at Nissedal har tri gonger fleire unge med åtferdsmessige problem, enn landsgjennomsnittet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stor arbeidsmengde gjorde at skrivet frå kommunelegen ikkje kom i samband med fjorårets debatt om skulestruktur og det pedagogiske og sosiale miljøet i skulane i Nissedal.
Ordførar slår kraftig tilbake
Nissedalordførar Anne-Nora Oma Dahle (Sp), som tidlegare var lærar i ni år på Fjone skule, blei sterkt forundra då det interne skrivet kom frå kommunelege John Frisk.
Dette er heilt vilt og rett og slett hårreisande. Det er tenesteforsøming av kommunelegen at han ikkje kom på banen med dette i fjor då me diskuterte skulestrukturen og det pedagogiske og sosiale innhaldet. Skal ikkje kommunelegen vere lojal mot politiske vedtak, undrar Oma Dahle.
Ho ser det ferske interne skrivet frå kommunelegen i samanheng med at Turine Wik Kåsa og Augon Kåsa på Fjone no har anka eit avslag om skulebyte inn for Fylkesmannen. Ekteparet vil at dei to barna sine heller skal gå på skule i Treungen for å få eit større sosialt miljø.
Kommunelegen vel å bli ein part i saka. Han skal trø varsamt med å gå inn i enkeltsaker, seier ordføraren.
Oma Dahle hugsar tilbake på alle dei positive tilbakemeldingane som kom frå grendene i fjor om nærmiljøskulane.
Veldig mange foreldre er nøgde med grendeskulane og dagens læringsmiljø og sosiale miljø. Det er ingen ting som tyder på at små miljø er skadeleg for barna. Vidare kan eg hente mykje frå opplæringslova som kan forsvare nærmiljøskulane, seier ordføraren.