Fagfolka tilrår at legetenesta i Vinje vert samla i Åmot. No skal kommunen greie ut alle sider ved legetilbodet før politikarane tek endeleg avgjerd.
Fagfolka tilrår at legetenesta i Vinje vert samla i Åmot. No skal kommunen greie ut alle sider ved legetilbodet før politikarane tek endeleg avgjerd.

Legetenesta i Vinje i støypeskeia

Vinje-rådmann Hans Kristian Lehmann tilrår at legekontoret i Edland held fram med å ha ope annankvar dag. Vidare arbeider kommunen no for å opne Rauland legekontor tri dagar i veka frå hausten.

Oppvekst- og velferdsutvalet skal i morgon drøfte legetenesta i Vinje. Rådmannen sluttar seg til tilrådinga frå helsesjef Ann Wraa om å setje ned ei prosjektgruppe for å greie ut alle sider ved det framtidige legetilbodet i kommunen.

Politikarane vert no inviterte til å vedta oppnemning av ei intern prosjektgruppe. Gruppa skal sjå på organiseringa av legetenesta på kort og lang sikt. Dei skal også vurdere konsekvensane av den nye samhandlingsreforma, og kva krav reforma stiller til mellom anna lokale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helsesjef Ann Wraa skipa til eit møte med dei politiske partia for å få innspel til utgreiinga ho har laga om legetenesta i Vinje. Nesten alle partia møtte til drøftingsmøtet. Konklusjonen var eit ynskje om drift på alle tri legekontor, men at ein kunne godta redusert drift.

I dag er Edland legekontor ope annankvar dag. Kontoret fungerer greitt, og rådmannen tilrår at dagens ordning held fram til legen går ut i permisjon i januar 2011. Innan den tid skal prosjektgruppa vere klar med ein endeleg rapport om legetenesta i kommunen.

Framleis stengt

Elles går tilrådinga til politikarane ut på at legekontoret på Rauland framleis vert mellombels stengt. Rådmannen peiker på problema med å få rekruttert ein ny lege til kontoret. Han vil ha kontoret ope tri dagar per veke når kommunen klarer å få tilsett lege. Det vil tidlegast skje frå 1. september. Den skisserte løysinga på Rauland skal vere ein prøveperiode på seks månader med fortløpande evaluering kvart månad.

Lehmann tilrår at legekontora i Edland og på Rauland vert stengde for avvikling av sommarferien. Dette er ei ordning som har vore praktisert i fleire år.

I saksutgreiinga vert det peika på at samling av legetilbodet i Vinje til Åmot vil gje lang veg for nokre pasientgrupper, som kronikarar og gamle som ofte oppsøkjer lege. Men Ann Wraa skriv at det er nettopp desse gruppene som har trong for ein kvalitativ, kontinuerleg og god oppfylging av sjukdomen sin. Det meiner helsesjefen kommunen kan gje ved eit større legekontor i Åmot.

Høge kostnader

Ho nemner også at drifta legetenesta må vere økonomisk forsvarleg. I 2008 brukte Vinje kommune 3.750 kroner per innbyggjar til helsetenester, og det er ingen andre kommunar i Vest-Telemark som har desentralisert legeteneste. Kommunen har også tilsett flest legar samanlikna med dei andre kommunane i regionen.

Ann Wraa peiker også på at fagfolka meiner ei samla legeteneste i Åmot er det optimale for framtida. Eventuelle endringar må skje etappevis.