Legevakta i Seljord skal bli betre på akutte situasjonar
Førre veke trena tre kommunale legevakter på å handtere akutte tilfelle på simuleringssenteret ved Sjukehuset i Telemark.
Det var tilsette frå legevaktene i Seljord, Porsgrunn og Notodden som øva seg på medisinsk simulering ved Sjukehuset i Telemark.
I tre dagar øva dei på hendingar som kan oppstå på ei kommunal legevakt, og dei bruka god tid på å evaluere måten dei handterte dei ulike situasjonane. Det er fyrste gong dette blir gjort i Noreg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kine Jordbakke, som er medisinfagleg-ansvarleg lege på legevakta i Seljord, er glad for at dei har fått denne sjansen.
– Eg synest kurset var veldig spennande, lærerikt og morosamt, seier Jordbakke.
Ho var ein av to tilsette ved legevakta i Seljord som deltok i prøveprosjektet.
– Dette kjem frå samhandlingsplanen mellom sjukehus og kommunar. Me styrker eit samarbeid mellom oss. No i starten er dette eit lite prosjekt med tre kommunar i Telemark som har fått lov til å trene opp to instruktørar kvar.
Øving gjer meister
Frå Seljord var det sjukepleiar Hege Margrethe Bjåland som var med i tillegg til Jordbakke. No har dei to eit arbeid framfor seg heime i Seljord.
– Me skal trene saman ute i kommunen med ambulansetenesta og legane, og slik auke samhandlinga.
– Kva gjorde mest inntrykk?
Artikkelen held fram under annonsen.
– At ein innser kor viktig det er å trene saman. Og at ved å øve på forskjellige situasjonar så blir me flinkare til å takle dei når dei faktisk oppstår. Det er så viktig å trene saman med dei ein skal jobbe med i akutte situasjonar, seier Jordbakke.
– For legevakta i Seljord og Kviteseid betyr det at me no har fått verktøy til å lage øvingar mellom lege, sjukepleiar, ambulanse og sjukehus. Det blir lettare for oss å trene saman. Me lærte mellom anna å byggje opp scenario, og å vera instruktør for dei. Det var til tider veldig utfordrande, men dette er viktig arbeid, som me no må vidareføre til dei andre tilsette, held ho fram.
Kva er eigentleg medisinsk simulering?
Stig Frydenlund, som er leiar for simuleringssenteret, synest det er veldig bra at legevaktene kan samarbeide med sjukehuset på denne måten.
– Dette styrker samarbeidet mellom dei tilsette i kommunane og dei tilsette på sjukehuset, og det fører til ei betre akuttkjede. Til sjuande og sist bidreg dette til større tryggleik for innbyggjarane i Telemark, seier Frydenlund.
Sjukehuset i Telemark og simuleringssenteret blei involvert i eit allereie eksisterande prosjektet, som går ut på å kartlegge kompetansebehov hjå legevaktene. Eit prosjekt Jordbakke frå Seljord har stått i spissen for.
– Me på sjukehuset blei involvert i prosjektet i vinter. Det var som ein del av strategien for sjukehusa, som handlar om å styrke akuttkjedene. I dette tilfellet fokusert på legevaktsentralane i fylket, fortel Frydenlund vidare.
Med stønad frå Helse Sør-Aust, som synest at prøveprosjektet virka veldig spennande, ville dei bidra til å styrke akuttkjeda gjennom medisinsk simulering.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Her på simuleringssenteret har me produsert medisinsk simulering som ein pedagogisk metode. Dette tenker me at kan passe godt for legevaktene. Difor køyrde me ein pilot førre veke med instruktørutdanning i medisinsk simulering. Legevaktene ønskjer sjølve å fokusere meir på eiga kompetanse, og der kjem medisinsk simulering inn. Medisinsk simulering går ut på å lære seg å førebu, gjennomføre og debriefe eit medisinsk scenario ein vil øve på, forklarer Frydenlund.
Håpar det kan bli tilgjengeleg for alle
No skal kursdeltakarane ta med metodikken dei lærte seg og bruke han i vidare kompetansebygging på sine respektive legevakter.
– Dei møter pasienten i ei endå tidlegare fase enn me på sjukehuset gjer, og det er difor minst like viktig å byggje kompetansen hjå dei, seier Frydenlund.
Han var saman med ein tilsett frå Oslo universitetssjukehus instruktør i undervisninga.
– Eg må seie at det var veldig flinke legar og sjukepleiarar som var med. Hege og Kine frå Seljord veldig proffe, og då er det ekstra moro. Det var eit krevjande kurs, og dei var utruleg flinke heile vegen, kyter Frydenlund.
Om prøveprosjektet no vil bli tilgjengeleg for alle legevaktene i Noreg, veit ikkje Frydenlund heilt enno. Men han håpar og trur.
– I staden for å sende alle legevaktene på eit slikt kurs, har me no heller prøva med ei lita gruppe, for å sjå om metoden bør gjerast tilgjengeleg for alle legevaktsentralar. Utifrå tilbakemeldingane me fekk av dei som deltok, kan det virke som at dette blir vidareført. Me skal ha eit evalueringsmøte snart, og då blir det spennande å sjå kva dei synest, seier Frydenlund.