– Det kan sjå litt stygt ut for dagens legevaktsamarbeid, men me skal ha forsvarleg legevakttilbod også i framtida, lovar Aud Sæther, helse- og omsorgssjef i Seljord.
– Det kan sjå litt stygt ut for dagens legevaktsamarbeid, men me skal ha forsvarleg legevakttilbod også i framtida, lovar Aud Sæther, helse- og omsorgssjef i Seljord.

Legevaktsamarbeid i ferd med å rakne

Legevaktsamarbeidet mellom Nissedal, Fyresdal, Kviteseid og Nissedal kan snart vere historie. Tysdag hadde Nissedal og Fyresdal eit positivt møte med legevakta i Arendal. Nissedalordførar Øyvind Tveit både trur og håpar på samarbeid sørover, og Fyresdal kan ende opp same staden. Seljord kan bli nøydd til å finne nye måtar å drive legevaktsentralen på. – Eit døme er å vurdere heimevakt i delar av døgnet, eller knyte seg til andre legar på vakt, til dømes på Notodden, seier Aud Sæther, helse- og omsorgssjef i Seljord.

Det var til dels ramaskrik i delar av Nissedal då politikarane gjekk inn for legevaktsamarbeidet i Seljord. Folk ville ikkje fyrst køyre milevis til Seljord før det bar vidare til sjukehuset. Kommunen sa for ei tid tilbake opp samarbeidsavtala for å ha ein ny gjennomgang av kva nissedølane er best tente med. Om Nissedal finn ny samarbeidspartnar kan kommunen kutte ut Seljord frå nyttår.

I ettertid har også politikarane i Fyresdal bede om ei betinga oppseiing for å sondere terrenget. Men problem med planlegginga av samarbeidet gjorde at kommunen fekk eit negativt svar frå Seljord. Dermed kan Fyresdal måtta vente eitt år i oppseiingstid om kommunen vel eit anna legevaktsamarbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

For høg prosent innom Seljord

Tysdag var både Nissedal og Fyresdal i Arendal for orientering og drøfting av legevaktsamarbeid sørover. Legevakta i Arendal ligg som eiga eining ved sjukehuset. Nissedalordførar Øyvind Tveit fortel om eit positivt møte.

– Det legevakta i Arendal eventuelt var engsteleg for, var at dei ikkje kunne gje godt nok tilbod på grunn av avstanden. Men me sa me har same lange avstanden i dag, seier Tveit.

Konklusjonen etter møtet er at legevakta i Arendal er positiv til å ta imot både Nissedal og Fyresdal. Tveit er ikkje i tvil om at det er interessant. Ein statistikk fyrste halvår i år viser at av 33 nissedølar som måtte til sjukehus, måtte ein tredel innom Seljord fyrst.

– Den prosenten er for høg, seier Tveit.

For Nissedal sin del både trur og håpar han at valet fell på å ha legevaktsamarbeid med Arendal. Og han vil gjerne ha med Fyresdal

– Arendal blir det klart beste tilbodet til innbyggjarane i Nissedal, meiner Tveit.

– Det er bra ordføraren seier det. Eg trur det endar med Arendal. Det er viktig at både Nissedal og Fyresdal blir med om det blir eit samarbeid med Arendal, seier Evy-Anni Evensen, oppvekst- og omsorgssjef i Nissedal. Ho førebur ei felles sak for dei to kommunane i Vest-Telemark, medan legevakta i Arendal syr saman eit økonomisk tilbod før forhandlingane startar.

Interessant med Arendal

Fyresdalordførar Saamund Gjersund påpeikar at kommunen var med til Arendal som observatør.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig for Fyresdal kva som skjer med Nissedal, og ikkje minst Seljord. Me avventar tilbodet frå legevakta i Arendal før politikarane tek stilling til saka. Men eg synest Arendal ser interessant ut, med tanke på at det legevaktsamarbeidet me har nå sannsynlegvis raknar. Eg ser ikkje tilbodet om Arendal som noko særleg dårlegare enn Seljord, men det er også eit prisspørsmål. Går Nissedal til Arendal, synest eg det er høgst aktuelt at Fyresdal gjer det også. På ein måte er det trasig å flytte ei teneste ut av Vest-Telemark. Men på same tid må ein vere realist og sjå på kva som er det beste me kan få til. Det vil prosessen vidare vise, seier Gjersund.

Vil ikkje til Arendal

Fyresdal Senterparti kan ikkje skjønne at nokon kan tenkje tanken om at kommunen skal ha legevaktsamarbeid med Arendal.

– Eit slikt samarbeid er heilt uaktuelt. Det har vore haldninga til Sp i fire år, og ho blir bare sterkare. Det er ille at Fyresdal i det heile tenkjer tanken om Arendal som alternativ. Hadde Sp bestemt hadde me avvist møtet tysdag. Eg ivrar veldig for at kommunane i Vest-Telemark samarbeider på viktige område, og forventar større vilje til samarbeid på ei så viktig teneste som legevaktordning. Skal samarbeidet i Vest-Telemark bety noko, må legevakta vere ein opplagt ting me må samarbeide om. Nissedal bør tenkje seg om kva dei gjer. Seljord er til å leve med, sjølv for Fyresdal, seier Per Helge Seltveit i Fyresdal Sp og varaordførar i kommunen.

– Legevaktsamarbeidet i Seljord har blitt mykje dyrare enn førespegla. Men det viktigaste er å slå ring om tilbod i regionen, held han fram.

Heimevakt og Notodden-samarbeid

Helse- og omsorgssjef i Seljord, Aud Sæther, seier det er spørsmål om både økonomi og meirvakter om ein eller to kommunar forsvinn ut av samarbeidet. Om det blir færre kommunar med i legevaktordninga, meiner ho ein også må sjå på om det er andre måtar å drive legevakta på.

– Eit døme er å vurdere heimevakt i delar av døgnet, eller knyte seg til andre legar på vakt, til dømes på Notodden, seier Sæther.

Om nokon trekkjer seg ut av samarbeidet meiner ho ei framtidig løysing må få ei rask avklaring. Fyrst må medisinsk ansvarleg uttale seg om kva ordning som er akseptabel.

– Det kan sjå litt stygt ut for dagens legevaktsamarbeid, men me skal ha forsvarleg legevakttilbod også i framtida, lovar Sæther, og presiserer at ho uttalar seg med bakgrunn i opplysningane frå VTB om resultat av møtet i Arendal.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag samarbeider kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal og Fyresdal om legevaktordninga. Dessutan har legevaktsentralen i Seljord eit formidlingssamarbeid med Tokke og Vinje. På visse tider blir folk i dei to kommunane sett direkte til vakta i Seljord. Om naudsynt formidlar vakta vidare til legar i Tokke og Vinje.