Butikktilsett Marita Vintereid Pedersen og lojal kunde Gunn Hansen synest det er kjempetrasig at det snart er slutt på nærtilbodet på Felle.
Butikktilsett Marita Vintereid Pedersen og lojal kunde Gunn Hansen synest det er kjempetrasig at det snart er slutt på nærtilbodet på Felle.

Legg ned både kroa og nærbutikken

Det er slutt på servering frå kroa på Felle, og måndag startar opphøyrssalet i butikken like ved. – Det må ei haldningsendring til hos folk om det skal bli butikkdrift her igjen, seier eigar Tore Skåli.

I 1990 stod det klart eit nybygg på Felle og det blei starta butikk igjen i bygda, rundt 30 år sidan sist det var eit slikt tilbod der. Butikken hadde same drivar i mange år, fram til slutten av 2000-talet. Då gjekk bygdefolk og hytteeigarar saman om å skaffe aksjekapital til eit eigedomsselskap som kjøpte bygget der det også har vore kro sidan desember 2010.

Det er fellsingen Tore Skåli som eig Felle kro og landhandel. Dei siste åra har han opplevd at det har vore mykje att og fram for verksemda, og butikken har hatt ein del ulike drivarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skåli tok nyleg eit val om å leggje ned drifta båe stadene, og sist helg var det slutt på serveringa i kroa. Måndag startar opphøyrssalet i nærbutikken.

– No i januar ser det ikkje ut som om folk treng mat. Rekneskapstala blir bare dårlegare og dårlegare. Det er gnudd ned så mykje dugnad og pengar i kroa og butikken, at no er nok nok. Det er kjempetrasig og ordentleg nedtur at drifta må slutte, seier Skåli.

Rosar lojale kundar

Det har vore ein del lojale kundar frå Felle som har nytta nærbutikken.

– Eg vil skryte av dei trufaste kundane, ynskjer Skåli å framheve.

Eit problem for nærbutikken er at ikkje nok bygdefolk har nytta seg av tilbodet.

– Det er kundegrunnlag for butikk på Felle, men ein del folk er ikkje viljuge til å bruke tilbodet. Mange synest butikken er grei nok til å kjøpe mjølk i. Korleis ein skal få gje dei eit spark er eg usikker på. Når folk bur på ein plass som Felle, bør ein forstå at det er viktig med butikk her, er klar tale frå Skåli.

Han går for ei styrt avvikling av verksemda, men blir ikkje varelageret selt under opphøyrstida, er konkurs neste.

– I tida det er opphøyrssal skal det i utgangspunktet også vere mjølk og brød i butikken så lenge han er open. Butikken blir nok stengt i løpet av ein månad, dessverre. Og ei katastrofe for bygda, utan tvil, seier Skåli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Næringsverksemd

Han har sagt ja til å kjøpe bygningsmassen av eigedomsselskapet for 550.000 kroner.

– Eg håper sjølvsagt det kjem nokon som vil drive butikken att, elles må eg prøve å finne alternativ, seier Skåli.

– Kva då?

– Nei, det er uhyggelege vanskeleg å svare på. Det er ein klausul om at det skal vere næringsverksemd i bygget, men det er butikk me vil ha, svarar Skåli.

– Har du tru på butikkdrift att på Felle?

– Ja, om folk vil ha det. Men då må det kome ei haldningsendring. Her er grunnlag for butikkdrift, svarar Skåli.

Veldig glad i nærbutikken

Marita Vintereid Pedersen har jobba i landhandelen på Felle sidan sommaren 2011.

– Det er kjempetriveleg å vere her og eg har hatt trivelege kundar. Det er forferdeleg dumt at det snart ikkje er butikk i bygda lenger, og no blir eg arbeidslaus, kjem det stille frå den butikktilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den einaste kunden VTB møter i Felle-butikken denne dagen, er innbyggjar Gunn Hansen.

– Eg grin, eg, seier ho om at det lokale tilbodet snart går over i historia.

– Kvar vil du handle framover?

– No vil eg svelte litt, så eg kan ta av meg, skøyar Hansen, men med eit alvorsblikk.

– Nei, eg veit ikkje, held ho fram som svar på spørsmålet.

– Hadde eg vore 20 år yngre skulle eg ha steppa opp i butikken og jobba gratis. Eg er veldig glad i nærbutikken, seier Hansen, i det ho forlét lokalet, nok ein gong med varer i bereposen. Snart for siste gong i den butikken.